Hår og hårpleie om sommeren

Sola skin frå morgon til kveld, og sommaren er endeleg her! Sol, varme og saltvann tørkar ut håret og gje det tørt, blasst, sprøtt og svakare. Dette kan føra til splitta tupper og at håret knekk. Det er digg med litt solbleika hår, men kvaliteten vil me helst ha så god som mogleg! Det er difor for viktig å beskytta håret mot sol, varme og saltvatn! Her kjem ei lita smørbrødlista over ting som kan vera smart å gjera for eit sunt sommarhår! Enten du skal på stranda, vandra i fjellet eller vera på SUP eller kafetur.

#TIPS1 – LAT- VERA – I -KUR. Sola slit like mykje på håret som på huda, så beskytt hårstråa dine i solskinet også! Bruk Hugleik, vår nye lat-vera-i-hårkur i heile håret før du går ut for å nyta sommaren, og pakk ein lekker solhatt i strandveska di viss planen er å vera lenge i sola. Ein god lat-vera-i-hårkur beskyttar håret og tilfører pleiande fukt som gjer det enklare å greia ut flokete hår etter ein dag i sola. Lat-vera-i-kur hjelper deg godt på veg til å halde håret i form heile sommaren.

#TIPS2 – HÅRKUR – ein til to gonger i veka. Dehydrert hår er ikkje vakkert, men om sommaren kan det vere vanskeleg å unngå. Bruk difor Fot i hose – sabla god hårkur for å reparera, tilføra fuktigheit og motverka slitasje på håret. Viss håret ditt er sterkt og tatt godt i vare tek det mindre skade i sola. Førebu det difor med produkt som gjev fukt og styrker håret før ferien. Jamnleg kuring gjer underverker for slitt hår! Fortset å bruk kur regelmessig når du nyt dei uttørkande feriedagane i sola. Ein god hårkur er viktig for å beskytta håret mot sol, vèr og vind. Bruk balsam når du vaskar håret, men bruk hårkur og lat-vera-i-kur i tillegg. Påfør gjerne Oljelukke – vegansk hår og kroppsolje i tuppane etter du har skylt ut kuren.

#TIPS3 – TA VARE PÅ HOVUDBOTNEN. Hugs å ta godt vare på hovudbotnen. Tørr hovudbotn er vanleg gjennom heile året, og spesielt om sommaren. Massèr Fot i Hose – sabla god hårkur eller Morgondogg mjuk og god balsam i hovudbotnen for å tilføra fuktigheit. Er du ekstra tørr i hovudbotnen kan du tilføra nokre dråpar med Oljelukke i sjampo, balsam og kuren din ?OG – bruk solhatt så ikkje du vert solbrent nedi der!

#TIPS4 – UV-BESKYTTING. Overdriven soleksponering tørkar ut og svekkjer håret. Hald deg i skyggen eller bruk ein hatt eller eit sjal, slik kan du beskytta håret mot dei skadelege UV-strålene. Ein caps eller ein kul solhatt kan vera både stilfullt og behageleg å ha på, og skånar både håret og hovudbotnen mot sola.

#TIPS5-  FUKT. Varmt og fuktig vær kan føra til matt, grovt, krusete hår. Sørg for at du har Oljelukke – vår veganske hår- og kroppsolje i veska, den kan du bruka som nødhjelp i både hår og på huda. Påfør litt olje i håret og du får umiddelbar glans og tilført fukt. Er du i farta kan du ha hårolja i veska og nytta den når du får tid!

#TIPS6 –  FØR BADING. Før du hoppar i sjøen er det lurt å fukte håret med ferskvatn. Viss du badar i sjø eller klorvatn vil det tørre håret absorbera klor og salt med ein gong – har du gitt det ein god dusj i ferskvatn først skåner du håret ditt frå dette!

#TIPS7 – ETTER BADING. Håret er på sitt svakaste når det er vått. Etter bading kan håret vere heilt umuleg å handtera, prøver du å gre ut flokene vil du skade det ytterligare og mista hår. Ha ein kam med breie tinder lett tilgjengeleg og Hugleik vår fantastiske lat-vera-i-kur i strandveska som du kan bruka når du skal bada. 

#TIPS8 – SKYLL. Saltvatn og klorvann tørkar og ut skadar håret. Etter ein dukkert, skyll håret med ferskvann og påfør en lat-vera-i-kuren vår Hugleik.

#TIPS9-  VASK. Etter ein dag ved bassenget treng håret ekstra merksemd. Vask håret med ein vår fukt og reparerande Silkepote mjuk og god sjampo som tek vekk kjemikaler som sit igjen. Avslutt med ein Morgondogg mjuk og god balsam som reparerar og gjev fukt til håret. 

#TIPS10 –   STYLING MED OMTANKE. Å la håret lufttørka naturleg er utan tvil best, spesielt når det har vore utsett for sol og varme heile dagen. For ekstra volum kan du bruka litt Sjøsprøyt, vår populære saltvatnspray. Må du av ulike årsaker bruka varmebehandling, sørg for å halda det så kaldt som mogleg, helst på medium eller låg varme. Og bruk varmeskyttande produkt!

#TIPS11 – FARGE. Sørg for at du er forsiktig med kjemikalrike hårbehandlingar i sommarsesongen. Viss du skal lysna håret eller endra hårfarge, prøv å gjer det ein måned eller to før håret vert utsett for sol for å unngå ytterligare skader.

#TIPS12 – Saltvatnlook. Om sommaren vil ein gjerne ha ein enkel og naturleg frisyre  som er lettstelt. Då er «strandhår» eller «sleek» gode alternativ til frisyre. Enten vert håret slik naturleg gjennom dagen eller du kan skapa «standlooken» sjølv med Sjøsprøyt saltvatnsspray.  Ein trendy wet look eller såkalla ”sleek” lagar du  med ei blanding av Oljelukke og Kong Fjong hårvoks.  Eller du kan bruka Hugleik eller Fot i Hose– sabla god hårkur som du let vere i håret heile dagen – då får du   tilført fukt og pleie samtundes. Reine kinderegget ?

#TIPS13 – ENKLE OPPSETT. Lag deg nokre enkle håroppsetningar eller fletter, då ligg håret beskytta og du får naturleg fall når du tek ut flettene. Spray med litt Sjøsprøyt saltvatnspray og du har eit perfekt “strandhår”.

#TIPS14 –  Ta deg ein tur til frisøren. Klipp vekk slitte tuppar, frisk opp fargen, få deg ein pleiande hårkur med deileg massasje og kjøp med deg passande hårprodukt til heimebruk. Frisøren har kunnskap og erfaring med alle typar hår-utfordringar, så der er du og håret ditt alltid i trygge hender ?

Legg att eit svar