Er du og håret ditt klar for hausten?

Gi håret næring før hausten og kulda kjem for fullt med veganske produkt og nokon enkle grep!

Hausten er i ferd med å gjera sitt inntog! Sommaren er på hell med lange dagar og lyse netter. Fri og ferie gir oss friheit til å nyta fjell, fjord og sjø. Er me heldige er den norske sommaren varm og solrik. Alt dette gjer godt for kropp og sjel. Hud og hår vert likevel ofte litt uttørka og livlaust av sol og bading. Men med rett pleie og gode veganske produkt kan du forvandla håret ditt til ein blankare og sunnare manke – også etter ein lang sommar.

Hårkur!

Eit livlaust sommarhår lengtar etter pleie og fukt. Bruk Fot i Hose ein til tre gonger pr. veke. Tilpass verketida etter kor mykje fukt håret ditt treng. Du kan sitta med den frå 5-30 minutt. Kuren inneheld masse sheasmør og arganolje som er fuktgivande. Dette er ein næringsrik hårkur som mjukgjer og reparerer lokkane dine, og passar til alle hårtypar. Treng håret litt ekstra fukt kan du blanda oppi litt Oljelukke – vegansk hud og hårolje.

Kvardagspleie!

Når du først er i dusjen er det viktig å bruka ein skånsam sjampo og balsam som tilfører fukt, gir næring og pleie til håret. Bytt pleieprodukt etter årstida. Bruk alltid Leave-in produkt før du startar å style håret og bruk gjerne ei næringsrik hårolje som Oljelukke, den vil gjere håret silkemjukt og glansfullt. Gir ikkje Silkepote nok fukt? Då kan du ta oppi nokre dråpar med Oljelukke– Sim Sala Bim og sjampoen er endå meir fuktgivande.

Leave In produkt!

Eit soltørt hår spriker ofte til alle kantar og kan fort bli statisk og uregjerleg. For nokon gjev dette moglegheit for å få meir «strandlook» men dei fleste av oss syns berre det er irriterande når ein skal style it knusktørt håt. Bruk difor ein næringsrik lat-vera-i hårkur eller hårolje. Dette vil kunne hjelpe på stylinga  og gir håret fukt og pleie. Ei god hårolje eller krem vil gi jamt med fukt og pleie til ein matt solbleika manke. Bruk alltid Leave-in produkt som Hugleik eller Oljelukke som prestyling, dette er med å byggje opp att skada hår, og vil gjere håret silkemjukt og glansfullt.

Gode vanar!

Sjølv om ein automatisk kanskje et lettare mat om sommaren, gir ferie og late dagar oss ofte litt dårlegare vanar enn i kvardagen. Kutt ned på sukker og alkohol og et jamleg. Eit balansert kosthald med sunt fett som «smør» deg frå innsida kan gjera underverk. Avokado, nøtter og feit fisk er gode kjelder til Vitamin A og omega-3. Drikk masse vatn, vatn bidreg til å transportera alle godsakene du et rundt til dei rette organa, også hårsekkane dine!

Gå til frisør!

Ingenting er som eit nyklippt hår! Klipp tuppane mellom kvar fjerde eller åttande veke, då unngår du sliten og livlaus lyng, håret vil halda seg friskt og sunt. Etter ein lang sommarsesong med mykje sol og varme kan spissane følast tørre og sprukne. Slike spissar vil sakte, men sikkert krypa oppover i håret og litt etter kvart vert håret veldig flisete. Dette unngår ein med å gi spissane ein jamleg etterlengta stuss.

Følg råda våre og gå hausten i møte med eit sunnare og blankare hår – eller lyng som me også likar å kalla det!

Legg att eit svar