Beskriving
Fantastisk god “lat vera i” hårkur for alle hårtyper. Tilfører fuktigheit, minskar frizz og styrkjer kvart hårstrå. Stappa med sheasmør og moringa-olje som er eit vedundermiddel som gjer håret mjukt og godt. Glattar ut, tilfører fukt og gir glans til håret., uten å tyngja det. Luktar himmelsk av sitrus, blomar og rips.
Bruk: Ta litt i handa og påfør jamt i handkletørka hår, la den bli i håret til neste vask. Style etter ønske.
Innhald
- Vatn = Gullande reint vatn som gjer hårkremen meir flytande.
- Propylene Glycol = Tilfører fukt og pleier hår og hovudbotn.
- Cetyl Alcohol = Gjer håret mjukt og godt.
- Glycol Distearate = Emulgeringsmiddel som gjer håret mjukare og får alle ingrediensar til å blanda seg – sim sala bim.
- Neopentyl Glycol Diheptanoate = Emulgeringsmiddel som gjer håret mjukare og får alle ingrediensar til å blanda seg – sim sala bim.
- Butyrospermum Parkii Butter = Sheasmør tilfører håret og huda naturleg fukt og glans.
- Carbomer = Emugleringsmiddel. Gjer produktet tjukkare i konsistens og får alle ingrediensane til å blanda seg – sim sala bim.
- Moringa Oleifera Seed Oil = Moringa-olje er eit vedundermiddel som gjer håret mjukt og godt. Glattar ut, tilfører fukt og gir glans til håret.
- Hydrolyzed Wheat Protein = Robust kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fukt og gjer det antistatisk.
- Laurtrimonium Chloride = Antistatisk emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensane til å blanda seg.
- VP/VA Copolymer = Forseglar og gjer ei jamnare overflata.
- Isododecane = Gjer hårkremen mjukare slik at den ikkje stivnar under bruk.
- Cetearyl Alcohol = Gjer kremen mjukare slik at den ikkje stivnar under bruk.
- Potassium Sorbate = Naudsynt konserveringsmiddel. Sørgjer for at hårkremen ikkje myglar.
- Ethylhexylglycerin = Gjer huda mjuk og tilfører fuktigheit.
- Behentrimonium Chloride = Rensande og antistatisk konserveringsmiddel. Gjer at hårkremen ikkje myglar.
- Triethanolamine = Overflateaktivt, antistatisk, regulerer pH- verdien, slik at korkje du eller kremen vert sur.
- Phenoxyethanol = Naudsynt konserveringsmiddel. Sørgjer for at hårkremen ikkje myglar.
- Parfyme = Gjer at hårkremen og håret duftar friskt og godt av sitrus og rips.
150 ml.
Holdbarheit 12 mnd