GRATIS FRAKT OVER KR 800,-           GÅVEKORT

Kvifor Lyng

Lyng – vegansk hårpleie frå Norge

Den norske hårpleieserien til Lyng stammar frå Voss. Ideen er å skapa ultimate hårprodukt for alle: deg som går til frisøren, frisøren din og kloden vår. Bak det heile står Irene Stana frå Voss. Ho har jobba som frisør i 35 år, og er gründer, forfattar og foredragshaldar.

 

Fjong på håret og glad til sinns
Hår, miljø og berekraft er alvorlege tema, men det er lov å ha det moro for det. I Lyng er me er ein liten, glad gjeng som har det kjekt i lag. Me håpar det smittar. For me vil at du skal bli fjong på håret og glad til sinns på same tid.

Lukt av natur

Hovudmålet til Lyng er å vera med å gje frisørar moglegheit til å jobba med profesjonelle frisørprodukt som ikkje er skadelege for helse og miljø. Lyng-produkta er reine og luktar friskt og naturleg. Dei er difor geniale for dei med ei sensitiv nase og er sjølvsagt betre både for helse og miljø. På den måten kan me påverke og bidra til ei meir berekraftig og attraktiv næring, både for kunde og frisør.

Påfyllsystem

Samfunnet blir meir og meir oppteken av helse og miljø. Folk vil gjerne ha så reine, naturlege og berekraftige produkt som mogleg. Og godt er det. Lyng er i gang med utvikling av eit påfyllsystem for hårprodukta våre. På denne måten kan me bidra til mindre forbruk av plast og vera ein pådrivar til gjenbruk.

Miljøvenleg hud- og hårpleie

All forsking viser at det å velje miljøvenleg hud- og hårpleie, er betre for både frisør og kunde. Me er stolte av å kunne tilby eit reint alternativ for miljøet og helsa di. Alle Lyng sine produkt er nøye sett saman av ingrediensar som er både allergi- og miljøvenlege. Produkta er meir skånsame for håret enn vanlege hårprodukt, og håret blir glansfullt og fint. Styling produkta er lette å jobba med, gjev godt hald samtidig som dei ikkje tyngjer håret ned.

Sertifisering

Produkta våre er merka med Grøn salong sitt kvalitetsstempel. Dette betyr at dei har vore gjennom ei godkjenning av Grøn Salong, og står på lista deira over produkt som er påkravd for Grøne salongar å bruka. Grøn salong kallar lista for «positive-lista». Den skal vera eit verktøy for frisørar, slik at det blir lett å velje og anbefale sunne og gode produkt til bruk i salongen og heime. I tillegg er dei sertifiserte av PETA, noko som betyr at dei er 100% veganske og ikkje er testa på dyr. Til det beste for frisørane, folka, dyra og verda vår.

Nyfiken på nyheiter og gode tilbod? Meld deg på vårt nyhendebrev og få 10% på di første bestilling!

Du får tilgang til

Bryr du deg om miljøet – vel du økologisk når du kan?
LYNG er ein serie grøne, miljøvenlege hårprodukt frå Noreg med naturlege ingrediensar. Veganske er dei også, og ikkje er testa på dyr.