KONG FJONG
Staseleg hårvo

379,00 kr

Kong fjong – den vene og gode kongen av Voksmania. Fjonggarantisten.Sjølvastekrona på verket. Med hald så god at du kan forma kreasjonar av lyngen som vil genierklæra deg på kunsthøgskulen.

Kong Fjong er ein voks for både kjønn. Passar perfekt for styling av alt fra kort hår som skal formast til demping av “flygehår” på langt hår. Godt hald, halvblank/matt, lett og fordela og forma lyngen med og enkel å skylla ut. Gjer håret eit naturleg og matt resultat. Passar godt saman med sjampoen Silkepote for max resultat. Inneheld olivenolje som forseglar, tilfører fukt og beskyttar håret. Svak lukt av havre og linneablomen.

150 ml

På lager

Kategori:
 

Beskriving

Godt hold, halvblank/matt, lett og fordela i håret og god å skylla ut. Passar som hand i hanske med Silkepote for max resultat.

Innhald:

  • Vatn = gullende reint vatn som sørgjer for at voksen ikkje vert for hard.
  • Ceteth-20 = Gjer håret meir medgjerleg.
  • Polysorbate 60 = Forseglar ,tilfører fukt og gjer voksen lettare å fordela i håret.
  • Petrolatum = Forseglar, glattar ut og gjer håret ei jamnare overflata.
  • VP/VA Copolymer = Forseglar og gjer ei jamnare overflata.
  • Cetearyl Alcohol = Gjer voksen mjukare slik at den ikkje stivnar heilt under bruk.
  • Glyceryl Stearate = Emulgeringsmiddel som gjer håret mjukare og får alle ingrediensar til å blanda seg – sim sala bim.
  • PEG-100 Stearate = Forseglar , tilfører fukt og gjer voksen lettare å fordela i håret.
  • Kaolin = Absorberande og nærande. Fargestoff som gjer at voksen held seg kvit og fin i fargen.
  • AMP-Acrylates/Allyl Methacrylate Copolymer = Legg seg som ein film på overflata og formar håret.
  • PVP = Forseglar, glattar ut og gjer håret ei jamnare overflata.
  • Olea Europaea Oil Unsaponifiables = Forseglar og glattar ut overflata på hår og hud, tilfører fukt og gjer huda mjuk.
  • Butyrospermum Parkii Butter = Vedundermiddel som gjer håret mjukt og godt. Glattar ut og tilfører fuktigheit. Regulerer attpåtil konsistensen og viskositeten, som det så fint heitar.
  • Glycerin = Gjer håret silkemjukt.
  • Glyceryl Rosinate = Legg seg som ein film på overflata.
  • Silica = Rensar, glattar ut og tilfører fuktigheit. Regulerer attpåtil konsistensen og viskositeten, som det så fint heiter.
  • Laurtrimonium Chloride = Antistatisk emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensane til å blanda seg.
  • PEG-90M = Emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensane til å blanda seg.
  • Benzoic Acid = Naudsynt konserveringsmiddel. Sørgjer for at voksen ikkje myglar.
  • Dehydroacetic Acid = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at voksen ikkje myglar.
  • Benzyl Alcohol = Oppløysande middel som gjer at konsistensen på voksen held seg fin.
  • Limonene = Godlukt som gjer at voksen og håret duftar friskt og godt.
  • Phenoxyethanol = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at voksen ikkje myglar.
  • Parfyme = Godlukt som gjer at voksen og håret duftar friskt og godt.
  • PH-verdi: 6.5-7.0