Hårets vårtrendar for våren 2023!

Som før så kjem gamle stilar og slagera tilbake, 90 talet og tidleg 2000 talet er veldig populært på hårfronten denne sesongen. Midtskill og litt lengde hjå kara og mykje oppklipp og mjuke linjer i front på damene. Typisk Jennifer Aniston stil. Det er det naturlege, mjuke linjer, rufs, skarpe kontrastar og volum som er hovudtrekka.

Vår 2023 trendar korte bob-frisyrar, «wolf-cut» eller ulvesveis om du vil og den såkalla «potteklippen» stort. Langt hår skal volumiøst med store bølger, så i år bør du trena på føning, bruka av varmeverkty og gi håret ditt ein skikkeleg «blow-out»! På fargefronten er nokon av dei mest trendy fargevalga mørkare asketoner, karamellbrun og pastellfargar som ljoss lavendel og rosa.

Balayage er framleis ein mykje bruktfargeteknikk, dette er ein teknikk som der ein brukar overlappande striper for å skapa ein naturleg utsjånad; sombre, som er ei blanding av balayage og ombre; og ombre, som er ein teknikk der ein kombinerer to eller fleire fargar frå lyst til mørkare. Andre populære teknikkar er babylights, då lagar frisøren syltynne og tettsittande blonde striper for å skapa eit naturleg preg. Ein nyttar ulike fargeteknikkar for å framheva frisyre og fargane i hud og hår, i tillegg er det poppis å bruka varme og kalde fargar for å skapa kontrast.

«BLUNT-BOB» er ein av dei mest populære klippane no. Ein Blunt-bob frisyre er ein kort bob som er kutta rett over og som har like lange lag frå toppen av hovudet og ned. Det vil sei at håret er kutta i rett linje på samme lengde. Frisyren er svært anvendeleg og kler dei fleste ansiktsformer, litt etter kor lang eller kort den er klipp. Så med denne klippen kan alle bli trendy. Det er ein enkel og kul frisyre som treng minimalt med tid på badet. Det gir ein trendy og røff utsjånad og kan gi deg ein typete stil. Blunt-bob kan du gjere i ulike variantar og lengder, med og uten lugg. Den kan styles mjukt med fall eller krøllar, men den mest populære er vel rette linjer (ikkje oppklipp) glatt og midtskilje.

Neste på lista er «WOLF-CUT» Den karakteristiske klippen har florert i sosiale medier siste tida, men kva er eigentleg ein «wolf cut»? Ein «wolf cut», eller «shag» som det også heiter, gjenkjennast med at den er veldig oppklippt, spesielt inn mot ansiktet. Klippen får fram mykje liv og volum i håret. Den har som regel også ein eller annen form for lugg, enten lett og luftig, skrå eller en meir rett og tung variant for å skapa kontrast. Frisyren har fått navnet sitt «wolf-cut» etter ulven, rett og slett fordi den er vill ?
Sveisen osar av «eg-kunne-ikkje-brydd-meg-mindre»-attitude, noko som gjer den litt «frekk».Veldig mange ynskjer å få mer liv i håret og då passar denne sveisen godt, eller deler av den,veldig bra. I tillegg er den enkel å stella, litt Sjøsprøyt og ein runde med fønaren så blir håret akkurat så villt som du sjølv ynskjer. Det kan bli mykje hår, så er du er ein som likar det glatt og polert er ikke dette ein look for deg, då er nok «blunt – bob» eit betre val. Sjølv om frisyren i utgangspunktet er enkel å vedlikehalde, treng den tilpassa stylingprodukter til ditt hår. OG håret treng rett fuktbalanse siden håret er veldig teksturert. Ein fuktgivande krem som Hugleik tilfører fukt, glans og samlar håret litt. Og kutt ned på vaskinga! Dette er ein sveis som tåler, og likar, å verte litt skitten.

«WOLF-CUT» funkar som ei kule på karane våre også. Som hjå damene ruler denne frisyren stort for tida, om enn i ein kortare variant enn hjå damene.

Har du lengde på håret er «BLOWOUT» i vinden no. Dette er ein stylingteknikk som gir voluminøst og glansfullt hår, her må du ta fram fønaren. Det er viktig at du held fønaren i konstant beveging for å hindra at håret og hovudbotnen vert oppheita. Bruk rundbørste men ikkje dra for hardt med børsten, løft og vikle håret forsiktig rundt ein middels til stor rund børste. Peik munnstykket nedover og håret vekk frå hovudbotnen mens du tørkar. Hugs at håret er sårbart når det er vått. Du må behandle det med kjærleik, og gjerne Hugleik, då vert det veldig nøgd ?

KORLEIS LUKKAST MED «BLOWOUT»?
Start med ein god hårvask med tilpassa sjampo. Me anbefalar Silkepote og Morgondogg, desse passar til alle hårtypar. Etter sjamponering må du få ut så masse fukt som mogleg ved å tørke forsiktig med eit handkle. Ikkje gni handklede fram og tilbake over håret. Dette skapar friksjon og fører til brusete og tørt hår. Grei ut floker, bruk litt Hugleik ( alt frå ei teskjei til ei spiseskjei alt etter tjukkelse og lengde på håret) i lengdene før du grer gjennom. Fjern floker ved å dra ein grovtagga kam gjennom håret før du føner det tørt med ein børste. Ellers kan du risikera at håret knekk.
Det er viktig med rett børste, velg ein rund børste viss du vil ha ein mjuk avslutning og beveging i håret. Ein flat børste vil gi ein glattare look. Beskytt håret mot varme og ikke bruk for lang tid på føninga. Del håret inn i mindre seksjoner, dette gir deg det beste utgangspunktet for å oppnå det beste resultatet. Bruke klips til å dela inn håret, slik at du kan fokusera på ein seksjon om gongen.
Ikkje gløym luggen, har du lugg, kan du føna den først mens den fremdeles er fuktig, med ein flat børste med svinebust. Ein rund børste vil skapa meir bøy og volum.

Det er forskjell på langt og kort hår. For kortare lengder kan du velga Kong Fjong som er ein en hårvoks som avslutning. For lengre hår gir Inkje anna og Sjøsprøyt mest hald og volum. Når håret er fønt tørt, bør du la det kjøle seg ned før du gjer meir for best resultat. Bruk Fønvind hurtigtørkande hårspray for å halde det på plass. Fønvind justerer du styrken med mengda du brukar og avstanden du held frå hovudet når du sprayar. Jo meir og nærmare hovude du held flaska jo sterkare hald, og motsatt.

Vil du ha ekstra volum vil du ha god nytte av å bruka Sjøsprøyt og eller Inkje Anna. Påfør produktet som gir volum, for i fuktig hår, og fokuser på røttene. Løft håret opp frå hovudbotnen og føn direkte ved røttene til det er 50 % tørt. Sett hårrullear øverst på hovudet, og la seksjonane få kjøla seg ned. For ein glatt look, brukar du munnstykket på fønaren til å kontrollera og styra luftstraumen i nedoverdgåande bevegingar, frå rot til spiss. Ta opp mindre seksjoner og jobb deg rundt langs hovudet.

I tillegg er «Potteklippen» tilbake! Ja tenk at den skulle gjera sitt inntog att! Potteklipp er faktisk veldig praktisk og kul! Kjært barn har mange navn så nokon vil nok kanskje bruka navn som «bowl-cut» eller «mushroom-cut» for å gjera det heile meir fancy og attraktivt. Frisyren er uansett enkel, rask å styla og gir ein kul og personleg utsjånad. Det er ein fin måte å halde håret kort og kontrollert på samme tid, noko som er viktig for mange. Bruk gjerne litt Oljelukke for å få fram glans og framheva lengdene på toppen. Det gir også eit reint, profesjonelt preg og passar godt til ulike stilar og hårtypar både for damer og karane. Frisyren kan brukast framover, til sides eller med midtskill, heilt opp til deg!

Ulike varianter av «potteklipp», med og uten undercut og i ulike lengder.

Den største hårtrenden vår 2023 er likevel naturleg og sunt hår, den aukande trenden for ein meir naturleg utsjånad gir stor etterspurnad etter hårpleieprodukt som er spesielt beregna for å gi håret sunnare kvalitet og utsjånad. Då kan desse køyrereglane hjelpa deg litt på veg:

  1. Ha eit balansert kosthold. Eit sunt og variert kosthald er nøkkelen til å oppretthalde eit sterkt og glansfullt hår. Et rikeleg med frukt og grønnsaker, magert protein, heile korn, frø og nøtter.
  2. Behandle håret med omtanke. Unngå å bruka for mykje varme stylingverktøy som fønere og strykejern. Bruk varmeskytting før du eventuelt brukar disse verktøyene for å skytta håret mot skader.
  3. Bruk hårpleieprodukt med mykje pleie for å hjelpe håret ditt. Velg produkt som er tilpassa din hårtype og hårtilstand.
  4. Bruk hårkur som Fot i Hose eller Hugleik

Legg att eit svar