FOT I HOSE
Sabla god hårkur

419,00 kr

Det er kjekt med ting som berre verkar. Som Fot i hose. Ein sabla god hårkur proppa av protein. Byggjer opp den triste, såra lyngen din frå rota til å verta den friskaste hårdotten i heile verda.

Proteinkur for alle hårtypar som treng å byggjast opp etter kjemiske behandlingar eller anna form for slitasje. Vask håret med Silkepote og handkletørk det godt før du tek i kuren. Fordel kuren jamt i heile håret og lat den virka fra 10-20 minutt. Virketida justerer du etter kvaliteten på håret. Veldig tørt hår treng meir pleie og tid enn mindre tørt hår. Skyll så ut kuren. Sim salabim, og håret ditt er vorte sunnare og blankere.

350 ml

På lager

Kategori:
 

Beskriving

Proteinkur for alle hårtypar som treng å byggjast opp etter kjemiske behandlingar eller anna form for slitasje. Sheasmør tilfører håret og huda naturleg fukt og glans. Robust kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk. Arganolja som gjer håret lett å gre, tilfører glans og gjer det silkemjukt. Godhjarta alger frå tang som gjer håret mjukt og beskyttar hud og hår. Nydeleg lukt havre og linneablomen. PH-verdi: 5.4-5.6

Innhald:

  • Vatn = Gullande reint vatn som gjer kuren meir flytande.
  • Cetearyl Alcohol = Gjer håret mjukt og godt.
  • Polyglyceryl-3 Polyricinoleate = Emugleringsmiddel som regulerer konsistensen og viskositeten, som det så fint heiter.
  • Butyrospermum Parkii Butter = Sheasmør tilfører håret og huda naturleg fukt og glans.
  • Stearamidopropyl Dimethylamine = Antistatisk og rensande stoff som  regulerar konsistensen og viskositeten i blandinga.
  • Glycerin = Gjer håret mjukt og godt.
  • Cetrimonium Chloride = Overflateaktivt, antistatisk, rensande stoff. Regulerer konsistensen og viskosisteten, og konserverer – slik at hårkuren ikkje myglar.
  • Behentrimonium Chloride = Rensande og antistatisk konserveringsmiddel. Gjer at hårkuren ikkje myglar.
  • Parfum = Godlukt. Gjer at kuren og håret duftar friskt og godt.
  • Phenoxyethanol = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at kuren ikkje myglar.
  • Lactic Acid = Regulerer pH- verdien, slik at korkje du eller sjampoen vert sur.
  • Amodimethicone/Morpholinomethyl Silsesquioxane Copolymer = Rensar håret slik at alle ingrediensene trekkjer godt inn i håret.
  • Argania Spinosa Kernel Oil = Rensande arganolja som tilfører håret glans og gjer det silkemjukt.
  • Trideceth-5 = Emugleringsmiddel. Får alle ingrediensane til å blanda seg – sim sala bim.
  • Ethylhexylglycerin = Gjer huda mjuk og tilfører fuktigheit.
  • Hydrolyzed Wheat Protein = Robust kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk.
  • Laminaria Digitata Extract = Godhjarta alger frå tang som rensar og beskyttar hud og hår.
  • Potassium Sorbate = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at kuren ikkje myglar.
  • Sodium Benzoate = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at kuren ikkje myglar.

PHYTOFLEUR FRENCH ROSE EC, ALOE VERA EXTRACT EC,PHYTOFLEUR JASMINE EC er alle ECO sertifisert