EVENTYRET OM Eventyraren og fjellgeita

Det var ein gong ein eventyrar som hadde viltre og uregjerlege krøllar, uansett kva fjelltopp ho klatra på. Fasinasjonen for snø, fjell og fysisk forstring hadde ført ho til verdas høgste og lengste destinasjonar. Ho kunne visa til utallige og  spennande ekspedisjonar til både nord, sørpol, Mount Everest og K2. Hennar erfaringar, gleder og sorger med den vakre men til tider brutale naturen førte henne til scena. I dag held ho foredrag rundt i heile Norge, der ho inspirerer, rører og motiverer til friluftsliv, glede og omtanke for menneske, dyr og natur.

Foto: Geir Dokken

Det var på eit slikt arrangement, mellom fjord og fjell i Sogn, dei møttes. Eventyraren og fjellgeita, ei frå kysten og ei frå dei indre fjordar i vest. Felles hugleik til natur og interessa for friluftsliv vart raskt oppdaga. I tillegg til interessa for miljø og ikkje minst hår. Fjellgeita med stridig, stritt og glatt hår som siv i fjellvatn og eventyraren med krusedullar som kunne minna om ein sprelsk spelsau på beite. Den stridige og den viltre fann likevel kjapt noko å snakka om.

Krøllene mine har ikke alltid vært så samarbeidsvillig som jeg skulle ønske, sa eventyraren til fjellgeita med det strie håret. Det viste seg nemleg at fjellgeita hadde lang erfaring med både hår og viltre krøllar. Som frisør og drifter av ei stor frisørkjede kunne ho brilijere med sin frisørkunnskap. Fjellgeita sa; kom til oss, me skal få orden på kråkereieret ditt.  Våre grøne produkt og behandlingar vil ha ein positiv effekt på håret ditt. Miljøvennlige behandlingar og produkt med naturlige ingredienser, gjer nemleg underverk på tørre hårdottar som dine, sa fjellgeita til eventyraren.

–I vår sameksistens opplever jeg at jeg har vært svært imøtekommen og tilbudt både det ene og det andre hjelpemiddelet for å oppnå et ryddig reir. Kvistene har svart med å bare bli stadig tørrere, og til tider veldig vanskelige å hamle opp med, sa eventyreren. ute –Er det noe jeg aldri har ønsket meg er det brusete fjær. Veien fra å oppnå tilstrekkelig hold gjennom hele dagen til stive panserkrøller er utfordrende. Jeg fant ikke et stylingprodukt som alene klarte å gi meg den rette balansen. Jeg drev og mikset med flere ulike hårprodukter for å temme reiret, men merket at det ikke var bra for håret.

Dette skal me hjelpa deg med sa fjellgeita. Eventyraren lot seg difor fort overtale og besøkte raskt salongen som låg nærast der ho bur. Etter kvart besøk  vart kråkereiret til eventyraren litt roligare, sunnare og blankare.  Bruk av naturlege og miljøvennlege produkt viste seg å hjelpe! Det vart starten på ei ny æra i fjellgeita og eventyraren sitt hår-liv.

Fjellgeita, som også tilfeldigvis utvikla desse grøne produkta, sendte så LYNG sin sjampo Silkepote og balsam Morgondogg, i tillegg til hårskummet Inkje anna, og ba eventyreren testa dei og sei kva ho meinte om produkta. Eventyraren fann fort ut at produkta og meir skånsam miljøvennlig striping, gjorde underverk på håret hennar.

– Vet du hva, sammen med mer skånsom og miljøvennlig striping av femti nyanser av grått, gjorde de underverker med de tørre og porøse krøllene mine, sa den lattermilde eventyreren.

Fjellgeita sendte oftare og oftare nye ladningar med produkt. Som utviklar ynskte ho tilbakemeldingar frå eventyraren som hadde personleg erfaring med utfordringane som følgjer med eit ustyrleg kråkereir. Ikkje nok med at ho sjølv hadde slike, men det hadde faktisk heile familien hennar også. Heile slekta består visst av krølltoppar. Og alle vart begeistra for å ha Lyng i håret.

Eventyraren miksa og triksa med ulike kombinasjoner av dei 7 produkta. Ho fann fort ut at komboen Fot i Hose og Inkje Anna var perfekt for krøllane på vinteren og Inkje Anna med Sjøsprøyt var perfekt kombo i sommarhalvåret. MEN ho savna eit stylingprodukt som kunne brukast aleine  i håret, som tilfredstillte alle behov  i ein og same tube. Eit kinderegg av ein stylingkrem, med andre ord.

Fjellgeita og eventyraren bestemte seg difor i juni 2021 for å utvikla det ultimate krøllproduktet saman. Deretter vart reisa både kronglete og lang, men veldig spennande. Det var utruleg mange behov som skulle tilfredstillast i eit og same produkt. Eventyraren hadde eit sterkt behov for at produktet gav nok fuktigheit til håret hennar, då krøllete hår ofte er naturleg tørt og har ein tendens til å bruse, sprike og vera glanslaust. For å komma i mål med alle desse ønskene vart  produktet miksa og triksa med sheasmør som er fukt og glansgjevandeavocadoolje som er nærande og fuktgjevande som inneheld ein haug med mineraler, vitamin A, E og D.

Det vart likevel det å få nok hald i produktet som vart mest utfordrande. Men etter langt og lengre enn langt og 7 testforsøk, såg endeleg stylingkremen for krølla hår EVENTYRSKOG dagens lys. Når formelen endeleg var satt, vart det ny venteperiode. Produktet skullle nemleg på stabiliseringstest først. Det vil sei at den måtte stå til «modning» i 3 månader for å kvalitetssikre at farge, konsistens, lukt og virkning kunne ha lang nok og rett halbarheit.

No er utviklingsreisa av Eventyrskog snart ved veis ende, og alle krølltoppar der ute kan sjå fram til å få orden på kråkereira sine. No starter ei ny æra for eventyraren, Cecilie Skog og fjellgeita, Irene Stana med å sprei det gode bodskap om Eventyrskog over berg og blåne saman. Så vær beredt alle krølltopper, no kjem dei! Eventyrskog duftar godt av lavendel og gir deg følelsen av frisk, norsk natur. For med Lyng i håret vert du både fjong på håret og glad til sinns.

Snipp snapp snute, då var eventyret om utviklinga av EVENTYRSKOG ute 😊

Foto: Geir Dokken

Legg att eit svar