Mjuk og god vegansk sjampo

Kvifor vaskar me håret eigentleg, og har det noko å seie kva type sjampo ein nyttar? Hår og ull er to veldig like materialar. Med ull seier dei at du kan lufta ulltrøya i staden for å vaske den. Ville du gjort det same med håret? Tja.

Rett hårpleie og vedlikehald av håret har meir å sei for hår og hovudbotnen enn det ein skulle tru. Hensikta med å vaska håret med sjampo er å reinse hovudbotnen og håret. Vaskeprosessen gjort riktig fjernar smuss, oljer og produktopphoping i håret. Sjamponering aukar også blodsirkulasjonen i hovudbotnen. Håret bør du difor vaska så ofte som nødvendig med ein sjampo som passar for di hårtype og tilstand. Viss håret ikkje vert reinsa, kan olje og smuss samle seg og føre til ubalanse i hovudbotnen.

Vegansk sjampo frå Lyng  
Lyng sin sjampo Silkepote, er ein skånsam proteinsjampo som passar for alle hårtypar. Silkepote er vegansk, og utvikla på Voss av ein gjeng blide frisørar som bryr seg om miljøet, dyrelivet og deg. Sjampoen er vegansk, ikkje testa på dyr, og inneheld naturlege ingrediensar. Kveiteprotein styrkjer håret, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk. Godhjarta algar frå tang beskyttar hud og hår, og arganolja gjer håret lett å gre, tilfører glans og gjer det silkemjukt.

Silkepote reinsar og skummar godt. Sjampoen tyngjer heller ikkje, slik at den kan også fint kan nyttast som volumsjampo for tynne hårtypar. Sjølv om den er lett egnar den seg godt på kraftigare hår på grunn av fuktigheita frå arganolja. Silkepote duftar naturleg av havre og Linneablomen. PH-verdi er 5.5-6.0

Dei tre superingrediensane i Silkepote

Kveiteprotein – protein utvunge frå kveiteplanta. Planta er utbredt i heile Skandinavia. Kveiteprotein styrkjer og reparerer håret, samtidig som det tilfører fuktigheit til slitt, skada og svekka hår. Det gode kveiteproteinet gjer håret antistatisk og sterkare, slik at det ikkje knekk så lett. Kveiteproteinet forbedrar også kvart hårstråa og gjer glans.

Alger frå tang – algane reinsar og beskyttar hud og hår. Fingertare finn ein langs heile norskekysten. Den renser hår og hovudbotn og legg seg som ein beskyttande film på hår og hovudbotn.

Arganolja – vegetabilsk olja som vert framstilt av fruktene på argantreet som veks i Marokko. Olja blir brukt i mat, naturmedisin og kosmetikk. Arganolja er proppa av vitamin E, antioksidanter og essensielle feittsyrer. Desse reparerer og tilfører fuktigheit til hud og hår.

Kveiteprotein
Kveiteprotein Fingertare Argantre

Gode råd for ein god hårvask

  • Gre gjennom håret før sjamponering
  • Håret må vere gjennomvått før du tek i sjampo
  • Bruk varmt vatn, det opnar opp skjellaget i håret.
  • Bruk ca. 1 teskje med sjampo pr. sjamponering. Det skal mindre til enn du trur.
  • Fordel sjampoen godt i hendene dine først, før du masserer han jamt utover i heile hovudbotnen.
  • Bruk fingertuppane til å vaske hovudbotnen grundig med sirkulære rørsler.
  • Beveg deg deretter utover i håret, ved at du legg hårtuppane mellom handflatene og vaskar som om at du gnir deg i hendene.
  • Skyl håret med vatn og gjenta prosessen. Ein bør alltid vaske håret to gonger. Første runde fjernar hovuddelen av feitt og produktrestar, medan runde to sørgjer for at håret vert skikkeleg reint.
  • Hugs å skylje håret ekstra godt med rikeleg med vatn når du er ferdig, for å vere sikker på at det ikkje sit att produktrestar i håret.

Detox- tips!

Håret treng også ein god reins i blant. Det er fordi det legg seg naturleg feitt, smuss, kjemikaliar frå produkt og restar frå styling på og i håret. Desse vert liggande om ein ikkje reinsar det av og til. Opphoping av for mykje gørr i håret kan gjere lyngen livlaus, matt, uregjerleg, flat og tung. Har du eit tynt og litt feitt hår frå naturen si side, kan det vere lurt å reinse det ein til fire gonger pr. månad. Kraftigare hår kan klara seg med 1-2 gonger pr. månad, alt etter kor mykje knask ein pleier å bruka i håret av styling og slikt.

Ta litt Silkepote sjampo i ei skål, bland inn nokre dråper med sitronsaft – det treng ikkje vera frå ei sitron, du kan trygt bruka ein skvett av sitronsafta som du pleier ha i teen. Bland dette og vask håret to gonger grundig med blandinga. Voila – håret er reinsa og klart for hårkur eller balsam, alt etter kva håret treng. Kjøp Silkepote HER.

Lukke til med hårvasken!

Legg att eit svar