Vegansk balsam er godt for lyngen din og verda vår

Balsam for sjela, seier dei om alt frå yoga til ein tur i skog og mark. Det er heilt rett. Men balsam er godt for håret også – berre for å slå det fast ein gong for alle – og vegansk balsam spesielt. Lurar du på kvifor? Her får du svaret på det, pluss litt anna hårknask. God lesing.

Når me vaskar håret opnar skjellaget seg. Sjå for deg hårstrået ditt som ei kongle, der skjella ligg lagvis oppå kvarandre i eit fint mønster. Når håret er nyvaska står dette og sprikar. Balsamen si oppgåve er å bidra til at skjellaget i håret lukkar seg att, og slik gjere håret ditt blankt og smidig.

Klem ut overflødig vatn

Før du tilset balsam, bruker du hendene til å klemme ut overflødig vatn frå håret, eller spander på ei lita tørk  med handkleet. Då gjer du det mogleg for balsamen å trekke betre inn mellom skjellaga. Balsam skal berre brukast i lengdene på håret, ikkje i hovudbotnen. La balsamen virke i et par minutt, før du skyl den ut med rikeleg vatn. No bør vatnet vera så kaldt som mogeleg, fordi det i seg sjølv bidreg til at skjellaga i håret lukkar seg.

Når du brukar balsam styrkjer du dei skada områda av håret, og beskyttar det mot ytterlegare skade frå kjemiske behandlingar eller varme. Balsamen forbyggjer og retter på fasaden, men reparerer ikkje permanente skader. For å reparere permanente skader må ein bruka hårkur tilpassa hår og tilstand.

Morgondogg – mjuk, god og vegansk

Lyng sin veganske balsam Morgondogg, er ein vegansk balsam med naturlege ingrediensar som er utvikla på Voss av ein gjeng glade frisørar som bryr seg om håret ditt, dyrelivet og verda vår. Det er ein fantastisk god balsam for normalt til grovt hår som styrkjer kvart hårstrå. Robust kveiteprotein byggjer opp skada og behandla hår, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk. Lukkar skjellaget i håret, og gjer det mjukt, glansfullt og lettare å gre – flokane forsvinn lett som ein plett. Morgondogg inneheld også arganolja som gjer håret lett å gre, tilfører glans og gjer det silkemjukt, utan å tyngja det ned. Balsamen inneheld i tillegg algar frå tang som reinsar og beskyttar hud og hår. Bonus, naturleg duft av havre og linneablomen.

Du kan førebyggja tørt hår

Om sommaren er sol, saltvatn og klor dei vanlegaste årsakene til tørt hår. Om vinteren, når ein går frå kulde til varme og motsett, kan temperaturskilnaden i seg sjølv gjere håret tørt og livlaust. I tillegg er bruk av feil hårprodukt, hard og for ofte kjemisk behandling av håret, og hyppig bruk av varmeverktøy kjent for å gje tørt hår. Men det går an å førebyggje tørt hår. Gode tips er å alltid bruka varmebeskyttande produkt før du føner og styler, og vask gjerne håret sjeldnare. Hugs også å bruke hårprodukt med UV-filter når du er i sola, og å dekke til håret med eit tørkle eller ein solhatt.

Bruk fuktgjevande balsam

Statisk hår blir forårsaka av friksjon, og tørt hår er difor ekstra utsett. Brukar du lue, skjerf og høghalsa genser som gnissar mot håret, kan håret lett bli statisk. Både ull og syntetiske materiale er kjent for å skape statisk elektrisitet, medan stoff med glatt overflate, slik som silke, er best for å unngå problemet. Det beste du kan gjere for å unngå at håret blir statisk, er å tilsette fukt. Bruk ein god fuktgjevande balsam som Morgondogg når du har vaska håret, i tillegg til ein fuktgjevande kur ei gong i veka.

 

Dei tre superingrediensane i Morgondogg

Kveiteprotein – protein utvunge frå kveiteplanta. Planta er utbredt i heile Skandinavia. Kveiteprotein styrkjer og reparerer håret, samtidig som det tilfører fuktigheit til slitt, skada og svekka hår. Det gode kveiteproteinet gjer håret antistatisk og sterkare, slik at det ikkje knekk så lett. Kveiteproteinet forbedrar også kvart hårstråa og gjer glans.

 

Arganolja – vegetabilsk olja som vert framstilt av fruktene på argantreet som veks i Marokko. Olja blir brukt i mat, naturmedisin og kosmetikk. Arganolja er proppa av vitamin E, antioksidanter og essensielle feittsyrer. Desse reparerer og tilfører fuktigheit til hud og hår.

 

Alger frå tang – algane reinsar og beskyttar hud og hår. Fingertare finn ein langs heile norskekysten. Den reinsar hår og hovudbotn og legg seg som ein beskyttande film på hår og hovudbotn.

 

Tips og triks til flokete hår.

God børsting aukar blodsirkulasjonen i hovudbotnen samstundes som den fjernar støv, smuss og produktopphopning. Grei håret med ein kam med grove tinder, eller plastbørste med store mellomrom, og gjer det etter sjampo for å fjerne flokar frå vått hår.

Du bør også alltid børste håret frå tuppene, og deretter jobbe mot hovudbotnen. Når du børstar håret frå tuppene først, kan du løyse håret utan å påføra det meir slitasje eller flokar. Når håret er fritt for floker, kan du børste grundig frå hovudbotnen til tuppene. Børster laga av naturleg bust anbefalast – naturbust reinsar håret betre enn nylonbust. Hugs at det anbefalast ikkje å børste håret før ein kjemisk behandling og/eller viss det er synlege kutt eller skrubbsår.

Fjern flokar

  • Begynn lengst ned der kor flokane er
  • Jobb med ein liten del hår  i gongen
  • Begynn med spissane og jobb deg oppover mot hovudbotnen
  • Gre til flokane er heilt vekke
  • Lag ein ny liten del med hår over den førre
  • Gre ut flokane og gre dei to delane saman
  • Fortset på same måte over heile hovudet
  • Hald litt i håret i botnen medan du børster, då unngår du at det lugger så mykje.

Legg att eit svar