Økologisk, organisk og vegansk hårpleie og hårstyling er veldig i vinden no! Det er mange ulike omgrep som sirkulerer rundt grøne hårpleieprodukt, veit du kva som er ulikheita på desse?

Lyng sine produkt er sertifisert gjennom PETA og Grøn salong. Produkta våre er veganske, ikkje testa på dyr og utvikla for at frisørar og du kan ha godt samvit for eige helsa og ikkje minst miljøet. Lyng sine produkt er ikkje økologiske. For å hjelpa deg litt i mylderet av omgrep og sertifiseringar har me laga denne oppsummeringa til deg. God lesning!

Økologisk kosmetikk kan innehalda animalske eller ingredienser frå dyr så lenge alt innhaldet er godkjend for bruk i økologiske produkt. Når eit produkt er økologisk betyr at ein stor andel av råvarene har naturleg opprinning – og at ein viss prosentandel av desse er dyrka utan bruk av kunstgjødsel og ikkje sprøyta med kjemiske plantevernmidler. Denne prosentandelen avheng av kva type sertifisering produktet har.

  • Økologiske produkt er dyrka utan nokon form for skadelege kjemiske stoff.
  • Det er ikkje tilsett nokon form for lettløyselege mineralgjødsler (kunstgjødsler)
  • Dei er dyrka utan bruk av kjemiske/syntetiske plantevernmidlar
  • All gjødsling skjer ved bruk av naturgjødsel.
  • Produkta har ein naturleg base basert på konsentrater frå planter eller frukter
  • Ikkje tillete å tilsetje kjemikalier for å auke haldbarheit eller gi td. hårfarge betre dekkevne.
  • Det er ikkje lov å bruka genetisk modifiserte organismar og produkt i økologisk produksjon

Kva er økologisk?

Eit økologisk kosmetikkprodukt skal først og fremst innehalde økologisk dyrka ingredienser. Eit sertifisert produkt kan ikkje ha innehald av GMO (genmodifiserte organismer), parabener (syntetiske konserveringsmidler), nanopartikler, silikoner, syntetisk parfyme og fargestoffer eller petrokjemikalier som ift dømes mineralolje og petrolatum. Korkje råvarer eller det ferdige produktet skal vera testa på dyr. Dei skal heller ikke innehalde animalske ingredienser, såframt det ikkje er naturleg produsert av dyra sjølv. Mjølk og honning er dømer på dette, så det er tillete. Eit anna krav for økologisk kosmetikk, er at produkt og innpakning skal vere tydeleg merka for forbrukar.

Ulike Øko-sertifikat

Er produktet du kjøper sertifisert økologisk er heile utviklingsprosessen frå idé til forpakning tatt med i betraktning. Eit økologisk produkt skal per definisjon vere bærekraftig. Eit produkt bør ikkje marknadsføra seg som økologisk utan å vere sertifisert med sertifikat som td:

  • EcoCert Organic i Frankrike,
  • USDA Organic i USA,
  • BDIH i Tyskland
  • Soil Association i England
  • Debio og Cosmos i Norge.

Krava til at kosmetikk kan kalla seg økologisk varierer frå sertifisering til sertifisering. Dei må likevel innfri strenge krav til innholdsstoffa i produktet si evne til nedbrytning i naturen. I tillegg er det strenge krav til innhald av parfyme, fargestoff og ei rekkje med ulike kjemikaliar. Ver merksam på at det finns ulike graderingar på dei ulike sertifikata. Ecocert Organic-merket betyr at produktet inneheld minst 95 prosent økologiske ingredienser (av dei som er plantebaserte), samt at minst 10 prosent av alle ingrediensene målt i vekt skal kome frå økologisk jordbruk. På Ecocert Natural Cosmetic, er kravet at minst 50 prosent av alle planteingrediensene og minst 5 prosent av produktet si totale vekt skal kome frå økologisk jordbruk.

Er økologisk det same som naturleg?

Økologisk betyr at plantene er dyrka utan skadelege sprøytemidler og kunstgjødsel. Ein økologisk ”dyrkar” eller bonde om du vil, har mindre utval i gjødsling grunna strenge krav til økologisk dyrking. At eit kosmetikkprodukt klassifiseras som naturleg fortel oss at ingrediensene er henta frå naturen. Det seier ikkje noko om korleis ingrediensane vert dyrka eller korleis produktet vert produsert. Økologiske dyrkingsmetodar forbyr bruk av giftige og ikkje-nedbrytbare eller vanskeleg nedbrytbare sprøytemidler. Ordet økologisk vert assosiert med at det er ekte og reint, dette kan vera ein utfordring og kan misforståast av mange.

Det er viktig å merka seg er at det engelske ordet eco betyr miljøvennleg, og ikkje økologisk på norsk. Ordet Organic, oversettes ofta som organisk, men det er det som betyr økologisk.

Fordelane med økologiske produkt er at den er meir helsevennleg, miljøvennleg og dyrevennleg. Når ein vel økologisk utset ein seg sjølv og miljøet for mindre skadelege stoff.

Ein anna fordel er at du utset deg og miljøet for mindre disponering av potensielt skadelege stoff, fordi valmoglegheitene blant ingredienser i sertifisert økologisk kosmetikk er veldig begrensa. Ulempa med økologisk kosmetikk er at haldbarheita er kortare og faren for at dei myglar er vesentleg større. Spesielt viss du oppbevarer dei for varmt. I tillegg er det ein del som reagerer allergisk på plante- og mineralbaserte produkt. Dette kan føra til utslett og kløe blant anna.

 

 

Vegansk og crueltyfree

Cruelty-free betyr at varemerke ikkje tester ingredienser eller ferdig produkt på dyr. Vegansk betyr at varemerket ikkje tester ingredienser eller ferdig produkt på dyr og at produktene ikkje inneheld ingredienser med animalsk tilknytning. Prinsippa for produksjon og framstilling, samt innhald i ein vegansk matvare eller matrett, er dei same som for vegansk kosmetikk, hud- og kroppspleie: For å kunne kalle et produkt for vegansk, kan ikkje produktet innehalde noko som stammar frå dyr. Dei aktive ingrediensene er med andre ord berre frå planteverda. Veganske produkt er altså ikkje testa på dyr i nokon ledd av produksjonen og inneheld ingen animalske ingredienser. Veganske produkt kan med andre ord ikkje innehalda naturlege ingredienser som td. bivoks, silkeprotein, ullfeitt eller glyserol frå dyr, lanolin eller liknande. Dei vanligste varemerkene for veganske produkt er:

LEAPING BUNNY
Denne sertifiseringen garanterer at varemerke ikkje har testa kosmetikk, hygiene- eller rengjøringsprodukter på dyr. Leaping Bunny er starta i fellesskap mellom dyre
beskyttelses- og dyrerettsorganisasjoner i Europa og Nord-Amerika.

 

PETA

Verdens største dyrerettsorganisasjon gir sertifisering til produkt som kan forsikra om at innhaldet er vegansk og at dei ikkje er testet på dyr. Selskaper får kun bruke dette symbolet om de er godkjente av Peta.

 

THE VEGAN SOCIETY

The Vegan Society er den største og eldste vegan-organisasjonen i verden. Dei skapa ordet Vegan i 1944 og sikrar at alle produkt og ingredienser er 100% veganske.

Grøn salong og Grøn klinikk.

Grøn Salon jobbar for å stansa all bruk av farleg kjemi! Dei legg til rette og lagar retningslinjer som fjerner dei mest helse og miljøskadelege stoffa som brukast i kosmetikk. Det finns ikkje ein offesiell eller allmen definisjon på kva grøn kosmetikk er. Grøn Salon har difor peika ut ei rekkje stoff som er:

  • veldig utbreidd i hårkosmetikk og
  • særleg skadelege (ekstremt eller sterkt allergiframkallande ifølge EU, hormonforstyrrande, kreftfremkallande eller fosterskadeleg)

Desse stoffa er forbudt i sertifiserte produkt og i ein sertifisert Grøn Salon. Lista over enkeltstoff, som er forbode i Grøn Salon, den såkalte Forbudstoflista finn du  her.

Positivlista, Observationslista og Negativlista over kosmetiske produkt viser Grøn Salons sin samla vurdering av over 6000 professionelle, kosmetiske produkt. Den  kan lesast her.

Ein sertifisert grøn salong må i tillegg til å kun bruka godkjende produkt, følga strenge krav til drift ift. helse, miljø og bærekraft.

 

Kva er syntestiske produkt og kan det vera farleg?

Syntetisk refererer til at noko er kunstig framstilt. Det går an å framstilla nøyaktige kopier av eit naturleg stoff, slik at sjølv om stoffet per definisjon er syntetisk, kunne det like gjerne vore naturleg. Vanlege kosmetiske produkt kan innehalde både stoff som finns i naturen, men som er laga på laboratoriet, og stoff som ikkje førekjem i naturen.

Så kva er eigentleg kjemikalier? Det er fort å tenka at det er farlege greier. Men
alt i livet består av ulike kjemikalier, og de er ikkje nødvendigvis noko å frykte. Vatn er til dømes ein kjemisk samansetning av hydrogen og oksygen. I likheit med vatn, er altså alt anna rundt oss kjemikalier.

Alle typar kosmetikk inneheld kjemikalier, økologisk, vegansk og syntetisk tradisjonell. Det ein derimot må tenkje over og ta stilling til er om kjemikaliene vi smører på huda vår er skadeleg eller ikkje. Dei fleste ingredienser som brukast i kosmetikk er det ein definerer som syntetiske. Det finns fleire tusen stoff som er godkjende til bruk i kosmetiske produkt, og dei fleste av desse stoffa er ansett som trygge å bruka. Men det finns stoff som er verre enn andre, dei som skapar flest utfordringar og allergiske reaksjoner er parfymestoff, konserveringsmidlar og hårfargekjemikalier. I desse kategoriane har me ei rekkje stoff som er forbudt å bruka eller som har restriksjoner for bruk i kosmetiske produkter.

Sjølv om syntetiske stoff skal vere testa før dei vert tatt i bruk, viser det seg at ein del av dei gir bivirkningar for nokon. Ein kan reagera på ulike stoff, til og med i økologiske produkt. Ingredienser som vert godkjent til bruk i kosmetikk vert som regel testa aleine. Det vert diverre testa for lite på kva som skjer når ein blander mange ulike stoff, det er då me får den såkalte cocktaileffekten. Diverre veit me lite om cocktaileffekter, så sant ein blandar saman fleire stoff kan det oppstå reaksjoner.

To merkinger som går god for at produktet tek hensyn til miljø og helse er Svanemerket og EU-blomsten. Eit produkt med eit av desse merka skal ha fått alle ingredienser miljøvurdert.

 

Kilder: Erdetfarlig.no, Folkehelseinsituttet, Okios.no, DEBIO.no, Nrk.no, EU`vitskapskomite og Mattilsynet

Legg att eit svar