GRATIS FRAKT OVER KR 799.-             GÅVEKORT

Oljelukke

Vegansk olje for hår og hud

519 kr

Oljelukke er ein naturleg hud- og hårolje som passar til alle hud- og hårtypar. Tilpass bruk etter kvalitet på hud og hår.

100 ml

På lager

Fakta om Oljelukke:
Arganolje gjer håret ditt lettare å gre, tilfører glans, og gjer både hud og hår silkemjukt. Avokadoolje gjev næring til dei ulike hudlaga, mens planteolja passiflora, får huda til å slappe av, og kan forbetre utsjåande og oppleving av tørr hud.

Slik gjer du:
Oljelukke skal du bruke i små dosar i vått og tørt hår. Drypp nokre dropar i handa og fordel jamt i håret, der du treng glans og ekstra pleie, eller vil dempe flygehår. Du kan også bruka Oljelukke på tørr hud, negleband og blanda den med andre Lyngprodukt for meir glans og fukt.

Inneheld:

  • Neopentyl Glycol Diheptanoate = Sørgjer for at alle dei godhjarta oljene i Oljelukke blandar seg godt saman.
  • Argania Spinosa Kernel Oil = Arganolje som gjer håret lett å gre, og tilfører glans. Gjer hud og hår silkemjukt. Kjem frå frøa i arganfrukta. Argantrea veks i Marokko, så då veit du det og.
  • Isododecane = Gjer olja lett å fordela, og smørja på hud og hår, gjer at olja beheld konsistensen.
  • Diethylhexyl Succinate = Stabiliserer konsistensen, og hjelper alle dei framifrå ingrediensane til å halda seg blanda.
  • Passiflora Edulis Seed Oil = Nydeleg planteolja, også kjend som maracujaolje. Ein av fleire planteoljer som kan forbetra utsjåand og oppleving av tørr hud. Olja får huda til å slappa av.
  • Persea Gratissima Oil = Avokadoolje fylt med nærande og fuktgjevande feittsyrer. Inneheld ein haug med mineralar, vitamin A, E og D.
  • Avokadoolje er ei vedunderolje som evnar å trengja igjennom huda og gje næring til dei ulike hudlaga våre.
  • Parfum = Godlukt. Gjer at håret ditt duftar naturleg som bløminga i Hardanger.

Nyfiken på nyheiter og gode tilbod? Meld deg på vårt nyhendebrev og få 15% på di første bestilling!

Du får tilgang til

Bryr du deg om miljøet – vel du økologisk når du kan?
LYNG er ein serie grøne, miljøvenlege hårprodukt frå Noreg med naturlege ingrediensar. Veganske er dei også, og ikkje er testa på dyr.