GRATIS FRAKT OVER KR 800,-           GÅVEKORT

Morgondogg 1 Liter

Mjuk og god balsam

899 kr

Morgondogg er ein mjuk og god vegansk balsam som passar til alle hårtypar. Tilfører fuktigheit og styrkjer kvart hårstrå.

1000 ml

På lager

Slik gjer du:
Vask håret og skyl ut sjampoen, ta ei te til spiseskei med balsam i handa – tilpass mengda etter tjukkelse og lengde – og fordel jamt gjennom håret. Lat virka 1 minutt og skyll godt ut.

Tips! Tilpass Morgondogg etter kor tørt håret er. Fordel i lengdene på fine hårstrå og skyl ut. På grovt og tørt hår får du maks pleie ved å la den virka i eit minutt før du skyler. Best effekt får du om du handkletørkar håret før du tek balsamen i. For meir glans kan du tilføra litt olje.

Inneheld:

  • Vatn = Gullande reint vatn som gjer balsamen meir flytande.
  • Cetearyl Alcohol = Gjer håret mjukt og godt, og lettare å ha med å gjera.
  • Behentrimonium Chloride = Naudsynt antistatisk og rensande konserveringsmiddel. Gjer at balsamen ikkje myglar.
  • Cetyl Alcohol = Vedundermiddel som gjer håret mjukt og godt. Rensar, glattar ut og tilfører fuktigheit. Regulerer attpåtil konsistensen og viskositeten, som det så fint heitar.
  • Hydrolyzed Wheat Protein = Robust kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk.
  • Argania Spinosa Kernel Oil = Arganolja som gjer håret lett å gre, tilfører glans og gjer det silkemjukt.
  • Laminaria Digitata Extract = Godhjarta alger frå tang som rensar og beskyttar hud og hår.
  • Guar Hydroxypropyltrimonium Chloride = Antistatisk og mjukgjerande stoff som
    regulerer konsistensen og viskosisteten. Gjer håret lettare å gre.
  • Caprylyl Glycol = Gjer håret mjukt og godt. Glattar ut og tilfører fukt.
  • Potassium Sorbate = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.
  • Glycerin = Gjer håret mjukt og godt.
  • Sodium Benzoate = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.
  • Lactic Acid = Regulerer pH- verdien, slik at korkje du eller balsamen vert sur.
  • Phenoxyethanol = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at balsamen ikkje myglar.
  • Parfum = Godlukt. Gjer at balsamen og håret duftar friskt og godt.

Nyfiken på nyheiter og gode tilbod? Meld deg på vårt nyhendebrev og få 15% på di første bestilling!

Du får tilgang til

Bryr du deg om miljøet – vel du økologisk når du kan?
LYNG er ein serie grøne, miljøvenlege hårprodukt frå Noreg med naturlege ingrediensar. Veganske er dei også, og ikkje er testa på dyr.