Gode børsterutinar er undervurdert når det kjem til god hårpleie. Når er det best å børsta håret, og har valg av hårbørste noko å sei for håret sitt velvære?
Vått versus tørt
Når håret kjem i kontakt med vatn sveller hårskaftet, og vekta på eit fullvått hår aukar med rundt 15 prosent. Vått hår er vanskelegare å greie gjennom enn tørt hår. Det er difor større fare for å brekke eller briste håret, om du børstar håret når det er vått. Når håret er vått, kan det faktisk strekkjast 30 prosent av originallengda utan å ta skade. Håret tek derimot permanent skade om du strekk det mellom 30 og 70 prosent. Strekk du håret ditt over 80 prosent av originallengda, brekk det. Det viktigaste du tek med deg frå dette, er at du bør vente med å børste håret til det er halvtørt.
Vått hår er sårbart
Ver forsiktig med håret ditt, det toler ikkje all verda, og viss du påfører det for mykje belastning og friksjon, kan håret mista elastisiteten. Mykje belastning er ei sikker oppskrift på tørt og livlaust hår. Børstar du det våte håret i dusjen slit du av deg for mykje hår, og hårstråa knekk lettare. Difor bør du som ein tommelfingerregel aldri børsta håret ditt når det er vått. Me anbefaler at du grer håret før du hoppar i dusjen. Det vil håret ditt vera veldig nøgd med det i det lange løp. Dette gjelder spesielt deg med rett hår.
Krøllar kan du greie når dei er våte
Har du derimot krøllar er det ein fordel å greie håret når det er vått. Då unngår du at det brusar og vert frizzy. Er håret kjemisk tørt på grunn av farging, bleiking, permanent eller sterke stylingprodukt, bør det børstast mens det er vått. Ta gjerne i vår snasne lat-vera-i-hårkur – Hugleik – før du set i gang. Kjemisk uttørka hår er som regel sprøtt, og har difor lettare for å knekka om du børstar det medan det er tørt. Det viktigaste er at du ikkje børstar krøllane dine når det er mykje styling som hårspray og tupering i dei. Då er det betre å vaska håret først, og heller børste det når det er vått.
Ein børste er ikkje berre ein børste
Naturbustbørstar er den mest skånsame børsten for håret, enten du har fint, normalt eller grovt hår. Naturbørsta er suveren på tørt hår, fordi bustene på hårbørsten er kortare enn på ein vanleg hårbørste. Naturbørsten gjer at håret ikkje vert for elektrisk, pluss at den er veldig skånsam for hovudbotnen og håret. Håret ditt likar godt at du brukar ein børste med mjuke taggar. Har du veldig tjukt og kraftig hår skal du vera tolmodig og børsta gjennom mange gonger, slik at du kjem i gjennom alt håret på ein skånsam måte.

Våre to ulike børstar frå Olivia Garden tilfredstiller dei aller fleste.
Oliva Garden - BAMBOO TOUCH DETANGLE COMBO S

Børsteskaftet på denne hårbørsten er laga av miljøvenleg bambus (FSC-sertifisert), som er ein tresort som er sterk, men likevel lett. Du kan fint bruke hårbørsten som ein kvardagsbørste, eller til styling. Den er skånsam både mot hår og hovudbotn.
Samansetninga av ulike materialar i bustene i denne hårbørsten, stimulerer blodsirkulasjonen i hovudbotnen. God blodsirkulasjon, gir hår og hovudbotn næring og pleie. Noko som fører sterkare og friskare hårrøter og hår, og betre hårhelse.
Olivia Garden - BAMBOO TOUCH DETANGLE MASSAGE M

Dette er ein hårbørste som er god på flokar, samtidig som den er skånsam mot hovudbotn. Den er laga av miljøvenleg bambus (FSC-sertifisert), som er ein tresort som er sterk, men likevel lett. Hårbørsten er perfekt til å gre ut eller style håret.
Kva er ein god børsterutine?
Generelt bør ein børsta håret ein til to gonger om dagen – morgon og kveld. Og sjølvsagt før du vaskar eller styler det. Børstar du håret ditt for ofte, kan det fort verte øydelagt og knekt. Har du langt hår er det lurt å starta med å børsta det i tuppane, for så å jobba deg innover mot hovudbotnen. Har du mykje flokar er det lurast å greie frå floken og nedover, for å unngå å slita for mykje på håret. Plages du med feit hovudbotn og feitt hår, bør du vere forsiktig med å børsta for hardt i hovudbotn. Det kan stimulera talgproduksjonen, og føre til feit hovudbotn.
Talg i hovudbotn treng ikkje berre ha ein negativ effekt. Grer du deg frå rot til tupp, vil hårbørsten transportere noko av talgen som sitt i hovudbotn, og ut i håret. Dette gir ein naturlig hårkur og beskyttelse, for deg som har ein tørrare hårtype. Å børsta, eller nærare massera hovudbotn med børsten, kan gje ein boost til blodsirkulasjonen og førebyggje tørr hovudbotn.
Til slutt, eit heitt børste tips!
Bøy hovudet framover, hald den eine handa di bak mot hårfestet mens du børstar frå botn og ut i lengdene. La handa du ikkje har børsten i, følgje strøka. Begynn med 10-15 børstestrøk rundt heile hårfestet dei første vekene, og etter det kan du auke gradvis til 20-30 strøk. Ved å gjere denne teknikken aukar du blodsirkulasjonen, og fjernar smuss i frå hovudbotn. Fett som legger seg i hovudbotn vil du da dra ut i lengdene, som vil styrkje og gjere håret blankt. Perfekt start på dagen – reine yoga-øvinga.
Eventyret om eventyraren og fjellgeita