KVARDAGSFEEN 1 Liter
Mild og god volumsjampo

899,00 kr

Kvardagsfeen tryllar vekk feitt og anna skit frå håret ditt. Løftar og styrker det, så du kan ta den nye dagen ved horna. Kvardagsfeen er så mild og god at ho kan tryllevaska lyngen din kvar einaste dag, utan at han vert tørr. Og hugs, ser du ein frisk og opplagt du i spegelen, så er det deg.

1000 ml

På lager

Kategori:
 

Beskriving

Bruksanvisning:

Ta ei teskje med Kvardagsfeen i handa og fordel den jamt i gjennomvått hår.

Vask grundig gjennom heile hovudbotn og hår. Skyll ut og gjenta ein gong til.

Innhald:

Aqua = Gullande reint vatn som gjer stylingkremen rett konsistens.

Sodium Lauroyl Methyl Isethionate = Vaskar vekk skiten frå håret og tilfører fukt, slik at lyngen ikkje tørkar ut.

Cocamidopropyl Betaine = Antistatisk stoff som lagar deileg skum. Renser og fjernar skit frå håret, og justerer konsistensen på sjampoen.

Disodium Laureth Sulfosuccinate = Overflateaktivt middel. Gjer håret reint og får sjampoen til å skumma godt.

Sodium Lauryl Sulfoacetate = Overflateaktiv middel. Gjer håret reint og får sjampoen til å skumma godt.

Hydrolyzed Vegetable Protein = Robust grønnsaksprotein som styrkjer håret, tilfører fukt og kan gjera håret antistatisk.

Hydrolyzed Wheat Protein = Robust kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fukt og gjer håret antistatisk.

Lilium Candidum Flower Extract = Blomsterekstrakt frå liljer i Sørøst-Europa og Midtøsten. Symbol på reinhet. Den har fantastiske eigenskaper til hud og hår. Virker beroligande og fungerer som ein fin kondisjonering.

Leuconostoc/Radish Root Ferment Filtrate = Ekstrakt frå reddikrøter som gir liv til håret og motverkar at det vert feitt.

Vegetable Amino Acids = Aminosyrer frå grønnsaker som tilfører fukt utan å gjera håret feitt.

Glycerin = Gjer håret silkemjukt.

Panthenol = Provitamin B5 som binder fuktigheit i huda og gir volum til håret.

Guar Hydroxypropyltrimonium Chloride = Tilfører håret fuktigheit, gjer det antistatisk og regulerer viskositeten.

PEG-150 Pentaerythrityl Tetrastearate = Emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensar til å blanda seg. Sim sala bim.

PPG-2 Hydroxyethyl Cocamide = Overflateaktivt emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensar til å blanda seg.

Citric Acid = Sitronsyre som balanserer ph-verdien i håret og gir optimal ytelse til ulike aktive stoff. Den forbetrar stabilitet og holdbarheita til produktet.

Lactic Acid = Regulerer PH verdien, slik at korkje du eller sjampoen vert sur.

Benzoic Acid = Naudsynt konserveringsmiddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.

Dehydroacetic Acid = Naudsynt konserveringsmiddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.

Butylene Glycol = Emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensar til å blande seg.

Potassium Sorbate = Naudsynt konserveringsmiddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.

Phenoxyethanol = Naudsynt konserveringsmiddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.

Parfum = Gjer at sjampoen og håret duftar naturleg, friskt og godt av sitrus og rips.

PH-verdi 5-6

Holdbarheit .12 mnd