INKJE ANNA
makelaus hårskum

329,00 kr

Inkje anna kan få deg til å gløda som ei filmstjerne. Inkje anna forstår deg betre, du makelause fine du. Inkje anna gjer deg ti centimeter høgare. Og inkje anna kan få deg til å tenkje at dagen i dag blir ein fin dag, utan å seie eit einaste ord.

Inkje Anna er ein skånsam hårskum utvikla for å gje godt hald til frisyren din gjennom heile dagen. Den er lett å føna på og hjelper deg å få volum i frisyren og det resultatet du er ute etter. Inkje anna er i tillegg varmebeskyttande og gir vern mot UV-stråler.

Rist flaska godt, fyll handa med skum og fordel jamt i håret før du byrjar å føna. Passar perfekt for både tynt, fint hår som treng volum og fasong, og for tjukkare hår som treng ekstra hald.

På lager

Kategori:
 

Innhald

  • Aqua = Vatn – fyllmasse
  • Butane | Propane | Isobutane = Drivstoff til areosol-gassen
  • Alcohol Denat-sprit | Caprylyl Glycol = Oppløysingsmiddel
  • Butyl Ester of PVM/MA Copolymer | VP/Dimethylaminoethylmethacrylate Copolyme | Phanthenol = Gjer hald til håret og frisyren
  • Phanthenol = Vitamin som styrkjer håret, gjer glans og elastisistet
  • Caprylyl Glycol = Fuktgjevar
  • Benzophenone-4 = Beskyttar mot UV-stråler
  • PEG-40 Hydrogenated Castor Oil | Polysorbate 20 = Emulgatorer som gjer at alle ingredienser blandar seg godt saman
  • Cocodimonium Hydroxypropyl Silk Amino Acids = Antistatisk og pleiande for håret
  • Aminomethyl Propanol | Citric Acid = PH justerande for produktet
  • Phenoxyethanol = Konservering- gjer at innhaldet ikkje myglar
  • Parfyme = Gjer god lukt