FØNVIND
hurtigtørkande hårspray

379,00 kr

Eit heksebrygg som kan minna om ei blanding av lim og fønvind. Let deg trylleforma lyngen nett som du ønskjer. Tørkar på eit blunk – som kvitvasken på tørkestativet ein varm sumardag, og held sveisen på plass lenger enn du kan følgja ein tanke.

Fønvind er ein skånsam hårspray. Den er fin å bruka som avslutning på stylinga då den gjer frisyren volum, godt hald og ein flott glans. Sprayen er i tillegg varmebeskyttande og gir vern mot UV-stråler.

Spray jamt og lett over frisyren med ein armlengds avstand frå håret. Passar perfekt for både tynt fint hår som treng volum og fasong og for tjukkare hår som treng ekstra hald.

300 ml

På lager

Kategori:
 

Beskriving

Ein skånsam hårspray, den er fin å bruka som avslutning på stylinga då den gjer frisyren volum, godt hald og ein flott glans. Sprayen er i tillegg varmebeskyttande og gir beskytting mot UV-stråler. Spray jamt og lett over frisyren med ein armlengds avstand frå håret.  Passar perfekt for både tynt fint hår som treng volum og fasong og for tjukkare hår som treng ekstra hald. Fønvind brukast for å låsa ein frisyre eller som ein fleksispray. Spray produktet jamt fordelt i håret og kam eller børst lett gjennom, då får du ein meir fleksibel frisyre men med godt hald! Om du ynskjer lett tekstur i håret eller «strand-sveis» fordel Inkje Anna i heile håret og la det lufttørke, spray Fønvind over for å halda frisyren på plass. PH-verdi 9.0-10.0

  • Vatn = Gullande reint vatn.
  • Potassium Sorbate | Sodium Benzoate | Sorbid Acid = Konserveringsmiddel- gjer at innhaldet ikkje myglar
  • Butane | Propane | Isobutane = Drivstoff til areosol-gassen
  • Octylacrylamide/Acrylates/Butylaminoethyl Methacrylate Copolyme = Gir glans og beskyttar mot varme
  • Rosa Gallica Flower Extract | Rosa Damascena Flower Oil = Pleiande oljer/ekstraktar frå ekta roser
  • Aloe Barbadensis Leaf Extract | Glycerin | Butylene Glycol = Stammar frå Aloe Vera planta – er fuktgjevande og pleiande
  • Jasminum Officinale (Jasmine) Flower Extract = stammer fra jasmin blomster og giver duft = Ekstrakta kjem frå Jasminblomen og lagar deileg lukt
  • Helianthus Annuus (Sunflower) Seed Extract = Ekstrakt frå solsikkekjerner. Tilfører glans til håret, styrkjer, samt beskyttar skada hår
  • Alcohol Denat | Butylene Glycol | C12-15 Alkyl Benzoate = Oppløysingsmiddel
  • Citric Acid | Aminomethyl Propanol = PH-justering
  • Tocopherol = Antioksidant som beskyttar dei ulike oljene i produktet
  • Ethylhexyl Dimethyl PABA = UV- filter som beskyttar håret frå ytre påvirkningar som sol
  • VP/VA Copolymer = Polymer som gjer hald til håret og frisyren
  • Parfyme = Gjer god lukt
  • Polysorbate 20 = Emulgator som gjer at alle ingredienser blandar seg godt saman
  • Triethyl Citrate = Hjelper å stabilisera skum

PHYTOFLEUR FRENCH ROSE EC, ALOE VERA EXTRACT EC, PHYTOFLEUR JASMINE EC er alle ECO sertifisert.