Eventyrskog
Stylingkrem for krølla hår

379,00 kr

Eit eventyr av ein stylingkrem. Temmer og pleier ustyrlege kråkereir og vrine krølltoppar. Gjer spenst og glans til slappe korketrekkarar. Får den krølla lyngen din til å stråla som ein sol, så du spreier glede og evig lukke kor enn du går.

Testa og utvikla i lag med eventyraren og krølltoppen Cecilie Skog.

150 ml

På lager

Kategori:
 

Beskriving

Bruksanvisning: Eventyrskog er ein stylingkrem for krøllar. Ta i ein god slump i handa og fordel den jamt i heile håret.  Kan brukast i vått og tørt hår, style etter ønske.

Innhald:

Aqua/vatn = Gullande reint vatn som gjer stylingkremen rett konsistens.

Cetyl Alcohol = Gjer håret mjukt og godt.

VP/VA Copolymer = Gir hald.

Propylene Glycol = Tilfører fukt og pleier hår og hovudbotn.

Cetearyl Alcohol = Gjer stylingkremen mjukare slik at den ikkje stivnar heilt under bruk.

Neopentyl Glycol Diheptanoate = Emulgeringsmiddel som gjer håret mjukare og får alle ingrediensar til å blanda seg – sim sala bim.

Ceteareth-20 = Jamner konsistensen på stylingkremen og gjer håret meir medgjerleg.

Butyrospermum Parkii Butter = Sheasmør tilfører håret og huda naturleg fukt og glans.

Cera Microcristallina = Stabiliserer og beskytter håret for ytre påverknad.

Diethylhexyl Succinate = Mjukgjerande ingrediens som gir glans til håret.

Persea Gratissima Oil (Avocado Oil) = Avokadoolje fylt med nærande og fuktgjevande feittsyrer. Inneheld ein haug med mineraler, vitamin A, E og D.

Propanediol = Tilfører fukt og glans.

Isododecane = Gjer stylingkremen lett å fordela,i håret.

Pentaerythrityl Tetra-Di-T-Butyl Hydroxyhydrocinnamate= Konserveringsmiddel som gjer at lukt, farge og virkning ikkje endrer seg ved bruk.

Sodium Methoxy PEG-16 Maleate/Styrene Sulfonate Copolymer = Varmebeskytting.

Carbomer = Emugleringsmiddel. Gjer tjukkere i konsistens og får alle ingrediensane til å blanda seg – sim sala bim.

Laurtrimonium Chloride = Antistatisk emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensane til å blanda seg.

Quaternium-95 = Emulgeringsmiddel som gjer håret mjukare og får alle ingrediensar til å blanda seg – sim sala bim.

Potassium Sorbate = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at stylingkremen ikkje myglar.

Ethylhexylglycerin = Gjer huda mjuk og tilfører fuktigheit.

Triethanolamine = pH- regulerande stoff.

Phenoxyethanol = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at stylingkremen ikkje myglar.

Parfum = Gjer at stylingkremen og håret duftar naturleg, friskt og godt.

CI 16035 = Opprettheld stylingkremen sin farge.

CI 42090 = Opprettheld stylingkremen sin farge.

PH-verdi 5-6

150 ml

12 mnd. holdbarheit