SILKEPOTE 1 Liter
Mjuk og god sjampo

899,00 kr

Står det ein okse i hagen din og skit, treng det ikkje vera din okse. Silkepote hjelper ikkje mot gamle visdomsord, men gjer normalt hår gullande reint og mjukt som ein kattunge. Kan du høyra han male?

1000 ml

På lager

Kategori:
 

Beskriving

Ein skånsam proteinsjampo for alle hårtypar. Inneheld kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk. Silkepote inneheld alger frå tang som beskyttar hud og hår. I tillegg inneheld den Arganolja som gjer håret lett å gre,tilfører glans og gjer det silkemjukt. Rensar og skummar godt. Sjampoen tyngjer ikkje håret slik at den kan nyttast som volumsjampo for tynne hår. Sjølv om den er lett egnar den seg godt på kraftigare hår då den godt med fuktigheit frå arganolja i seg. Luktar nydeleg av havre og linneablomen. PH-verdi: 5.5-6.0

Innhald:

  • Vatn = Gullande reint vatn som gjer sjampoen meir flytande.
  • Sodium Lauroyl Methyl Isethionate = Vaskar vekk skiten frå håret og tilfører fukt, slik at lyngen ikkje tørkar ut.
  • Cocamidopropyl Betaine = Antistatisk stoff som lagar deileg skum. Renser og fjernar skit frå håret, og justerar konsistensen på sjampoen.
  • Disodium Laureth Sulfosuccinate = Overflateaktivt middel. Gjer håret reint og får sjampoen til å skumma.
  • Sodium Lauryl Sulfoacetate = Overflateaktivt middel. Gjer håret reint og får sjampoen til å skumma.
  • Glycerin = Gjer håret silkemjukt.
  • Glycol Distearate = Gjer håret om mogleg enda mjukare, og får alle ingrediensane til å blanda seg. Regulerar attpåtil konsistensen og viskositeten, som det så fint heiter.
  • Hydrolyzed Wheat Protein = Robust kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk.
  • Argania Spinosa Kernel Oil = Arganolja som gjer håret lett å gre, tilfører glans og gjer det silkemjukt.
  • Laminaria Digitata Extract = Godhjarta alger frå tang som renser og beskyttar hud og hår.
  • Guar Hydroxypropyltrimonium Chloride = Tilfører håret fuktigheit, gjer det antistatisk og regulerer viskositeten.
  • Amodimethicone/Morpholinomethyl Silsesquioxane Copolymer =  Rensar håret for skit og smuss og slikt, og gjer det skinande reint.
  • Trideceth-5 = Emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensane til å blanda seg – sim sala bim.
  • PEG-150 Pentaerythrityl Tetrastearate = Emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensane til å blanda seg.
  • PPG-2 Hydroxyethyl Cocamide = Overflateaktivt emulgeringsmiddel. Får alle ingrediensane til å blanda seg.
  • Lactic Acid = Regulerer pH- verdien, slik at korkje du eller sjampoen vert sur.
  • Potassium Sorbate = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.
  • Sodium Benzoate = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.
  • Benzoic Acid = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.
  • Dehydroacetic Acid = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.
  • Phenoxyethanol = Naudsynt konserveringsmidddel. Sørgjer for at sjampoen ikkje myglar.
  • Parfum = Godlukt. Gjer at sjampoen og håret duftar friskt og godt.