VEGANSK HÅRPLEIE FRÅ NOREG

Naturleg fjong med vegansk hårpleie

Hårprodukta våre er veganske, og ikkje testa på dyr.
LYNG er norsk, miljøvenleg med naturlege ingrediensar, og inneheld det meste av det du treng for god,
naturleg hårpleie: mjuk og god sjampo og balsam, sabla god hårkur, makelaus hårskum, hurtigtørkande hårspray,
volumspray og staseleg voks. Med LYNG i håret vert du naturleg fjong på eit blunk!

Silkepote

Mjuk og god sjampo

Står det ein okse i hagen din og skit, treng det ikkje vera din okse. Silkepote hjelper ikkje mot gamle visdomsord, men gjer normalt hår gullande reint og mjukt som ein kattunge. Kan du høyra han male?

Ein skånsam proteinsjampo for alle hårtypar. Inneheld kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk. Silkepote inneheld algar frå tang som beskyttar hud og hår. I tillegg inneheld den Arganolja som gjer håret lett å greia, tilfører glans og gjer det silkemjukt.

319 KR

319,00 krleggje til

Morgondogg

Mjuk og god balsam

Det vil aldri være ein anna deg. Og ikkje ein annan lyng enn din. Plei han med kjærleik. Morgondogg er eineståande god for normalt til tørt hår. Gjev fuktigheit og staseleg glans til lyngen din. Som når sola skin i det doggvåte sumargraset tidleg ein juni morgon.

Fantastisk god balsam for normalt til grovt hår. Tilfører fuktigheit og styrkjer kvart hårstrå. Robust kveiteprotein byggjer opp skada og behandla hår og tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk. Arganolja gjer håret lett å greia, tilfører glans og gjer det silkemjukt, utan å gjera det tungt.

319 KR

319,00 krleggje til

Inkje anna

Makelaus hårskum

Inkje anna kan få deg til å gløda som ei filmstjerne. Inkje anna forstår deg betre, du makelause fine du. Inkje anna gjer deg ti centimeter høgare. Og inkje anna kan få deg til å tenkje at dagen i dag blir ein fin dag, utan å seie eit einaste ord.

Inkje Anna er ein skånsam hårskum utvikla for å gje godt hald til frisyren din gjennom heile dagen. Den er lett å føna på og hjelper deg å få volum i frisyren og det resultatet du er ute etter. Inkje anna er i tillegg varmebeskyttande og gir vern mot UV-stråler.
Rist flaska godt, fyll handa med skum og fordel jamt i håret før du byrjar å føna. Passar perfekt for både tynt, fint hår som treng volum og fasong, og for tjukkare hår som treng ekstra hald.

329 KR

359,00 krleggje til

Fønvind

Hurtigtørkande hårspray

Eit heksebrygg som kan minna om ei blanding av lim og fønvind. Let deg trylleforma lyngen nett som du ønskjer. Tørkar på eit blunk – som kvitvasken på tørkestativet ein varm sumardag, og held sveisen på plass lenger enn du kan følgja ein tanke.

Fønvind er ein skånsam hårspray. Den er fin å bruka som avslutning på stylinga då den gjer frisyren volum, godt hald og ein flott glans. Sprayen er i tillegg varmebeskyttande og gir vern mot UV-stråler.
Spray jamt og lett over frisyren med ein armlengds avstand frå håret. Passar perfekt for både tynt fint hår som treng volum og fasong og for tjukkare hår som treng ekstra hald.

329 KR

359,00 krleggje til

Fot i hose

Sabla god hårkur

Det er kjekt med ting som berre verkar. Som Fot i hose. Ein sabla god hårkur proppa av protein. Byggjer opp den triste, såra lyngen din frå rota til å verta den friskaste hårdotten i heile verda.

Proteinkur for alle hårtypar som treng å byggjast opp etter kjemiske behandlingar eller anna form for slitasje. Sheasmør tilfører håret og huda naturleg fukt og glans.
Inneheld kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fuktigheit og gjer det antistatisk.

399 KR

399,00 krleggje til

Sjøsprøyt

Volumspray

Sjøsprøyt inneheld ikkje helsebringande gjørme frå Nepal. Ikkje nitrogenrik flaggermuslort eller mirakelpulver frå utryddingstrua nashorn. Berre naturleg havsalt som gjer deg rufsete og litt småsexy, som om du kjem rett frå stranda.

Volumspray for alle hårtypar. Inneheld godhjarta algar frå̊ tang som forseglar overflata og tek vare på̊ hud og hår. Robust kveiteprotein som styrkjer håret, tilfører fukt og gjer håret antistatisk.

359 KR

359,00 krleggje til