Kvifor er leave-in krem så bra for håret ditt?


Vårt siste familiemedlem HUGLEIK er eit fantastisk produkt som ein fort kan verte avhengig av. Kvifor det? Jau no ska du høyre, alle hårtypar vert prega av ytre og indre påverknader. Kva ein et, drikk, arv, miljø og korleis ein steller med seg sjølv påverkar både helse og utsjånad. Sidan håret er «daudt» når det kjem ut frå hovudbotnen er alle ytre påveknader enklast å gjere noko med. Eller ikkje gjere noko med om du vil. Har du eit veldig tynt og svakt hår, bør du vurdere om det er lurt å la vera å bruke kjemiske behandlingar eller om ein verkeleg treng å bruke krølltang kvar gong ein vaskar det.

Striping, permanent og farging som gjev permanent endring, vil kunne gjere stor skade på håret og spesielt for dei med den litt sartare hårtypen. Uansett kva manke ein er født med ein bør vurdere risikoen før ein bestemmer seg for å behandle håret med kjemiske behandlingar. Søk alltid råd hjå ein proff frisør!

I tillegg til kjemiske behandlingar er vær, vind, luftfuktighet og livsstil av betydning for håret sin tilstand. Bruk av varmeverkty som fønar, krøll og slettetenger kan også tørke ut og gje håret skader som kan vere vanskelege å rette opp i. Det beste ein kan gjere for håret er å forebyggje skader ved å behandle det rett etter kvalitet og behov.

Eit Leave-in produkt som HUGLEIK er ideelt for akkurat dette, det forebyggjer håret ditt på fleire måtar. Sidan det ikkje skal skyllast ut av håret, og vert verande, gir det meir langvarig pleie, beskytting, glans og ei sunn og blank overflate.

Leave-in kremen HUGLEIK  fungerer som eit fuktserum. Fuktsserum jevnar ut håret si porøse overflate ved å slukke tørsten til det uttørka håret, dette resulterer i eit mjukare og meir glansfullt hår. Det  blir same effekt som eit serum gjer for huda di. I tillegg til fukt inneheld Hugleik kveiteprotein som styrkjer og byggjer opp håret. Nett som ein muskel treng protein, gjer også håret det. Snodig ikkje sant?

Som navnet tilseier, så er ein leave-in krem laga spesielt for å bli verande i håret. Den skal altså ikkje skyllast ut. Ein leave-in krem er laga med litt andre type ingredienser enn ein vanleg balsam, slik at den ikke skal opplevast tung i håret, men gi meir djuptgåande pleie. Hårkremen vil gjera håret glansfullt og mjukt igjen, og er verkeleg ein effektiv kur om du har tørt hår. Moringaolje og sheasmør er ingredienser i HUGLEIK som gir intens fuktighet og næring. Den gir god kambarhet og reduserer frizz.

Slik brukar du HUGLEIK:

Påfør i handkletørka hår i lengdene før du tørker det med føner eller bare let det lufttørke. Ta ei passe mengde i handa di og gni deretter handflatene saman for å varme den litt opp. Fordel den så jamt uti lengdene. Masser kremen inn i lengdene, men unngå hovudbotnen, og lat så håret suga til seg alle godsakene. Du kan ta den i både fuktig og tørt hår, alt etter kva du og håret ditt likar best. 

For total beskytting av eit veldig skada hår anbefaler me å bruka alle produkta til Lyng. Silkepote sjampo, Fot i Hose sabla god hårkur, Morgondogg mjuk og god balsam og vår nye leave-in krem HUGLEIK. Treng du ein ekstra boost, kan du blande litt Oljelukke i dei alle saman.Du kan bruka alle produkta dagleg.

HUGLEIK. Treng du ein ekstra boost, kan du blande litt Oljelukke i dei alle saman.Du kan bruka alle produkta dagleg.

10 gode tips for å forebyggje skader og tørt hår

  1. Ver forsiktig med håret. Slitt og skada hår kan lettare knekka. …
  2. Ikke dusj i for varmt vann. …
  3. Bruk fuktighetsgivande produkter. …
  4. Ikkje vask håret for ofte. …
  5. Stuss håret. …
  6. Varmeverktøy gir tørt hår. …
  7. Beskytt håret. …
  8. Bruk sateng elller silkeputevar
  9. Bruk produkt tilpassa ditt hår
  10. Ikkje glem hårkur.
  • Styrkjer og byggjer opp håret innafrå
  • Gjer det mer motstandsdyktig.
  • Gjenoppretter håret sin sunne naturlege struktur.
  • Gir god kambarheit og reduserer frizz.
  • Etterlet håret mjukt og sterkt.
  • Reparerer og gjenoppbyggjer skada hår
  • Forseglar splitta tuppar
  • Beskytter håret mot varme frå hårføner og rettetang/krølltang.
  • Næring og fuktigjevande
  • Reparerende kveiteprotein
  • 100% Veganske ingredienser
  • Sulfat- og parabenfri.
  • Sertifisert av Grøn Salong og PETA

Legg att eit svar