Det er forskjell på folk og hårtyper


Vinteren er ei nydeleg årstid, med si kalde og klare luft. Tørt og kaldt vinterklima er ikkje alltid lika bra for hud og hår, som for kropp og sjel. Men med rett pleie og gode veganske produkt kan lyngen din visa seg frå si beste side – også på dei kaldaste dagene.

 1. Takk for lyngen, Bessen!

Arv er den viktigaste faktoren som påverkar kva hårtype me har. Genane som arva frå foreldra dine, har avgjort mange om håret ditt sin utsjånad, som farge, form, mengde og tjukkelse på kvart hårstrå. Hårstråa sin diameter påverkar kor sterkt det er. Diameteren på grovt hår, er mykje større enn på fint hår.

2. Sol ute, sol inne

Klima, vær og vind har også mykje å sei for lyngen vår. Regn eller fuktig vær gjer at håret absorberer fuktigheita frå lufta. Ekstra fukt endrar nokon av bindingane i håret som gjev håret form, og avhengig av hårtype, gjer slik fukt det slapt eller krusete. Men for mykje vind kan tørke ut håret og for mykje sol kan skada det. Lengre periodar med regn eller tørre værforhold med ingen nedbør, kan forårsaka eit behov for hårprodukt som enten byggjer opp håret eller som tilfører meir fuktigheit.

3. Sjampo, fønar og krølljern og slikt

Sjampo, balsam, hårfønar, krølljern, permanent og hårfarge påverkar håret sin struktur og kvalitet. I tillegg er det store ulikheiter mellom nordisk hår, asiatisk hår og afrikansk hår. Men det er ikkje på sjampo og balsam du skal gjere kutta i budsjettet. Vel heller kvalitet og ein sjampo og balsam som er dryg, så vert det ikkje prisen så gale til slutt. For å forstå korleis det heile verkar må ein vete meir om korleis håret er bygd opp.

Hårrota er sjefen

Hårstråa våre har ei løkforma rot som er pakka inn av ein slags hårsekk. Hårrota er den delen av håret som er inne i hårsekken under huda si overflate. Forma og posisjonen det har når det veks ut, påverkar forma på håret etterkvart som det veks ut frå hovudbotnen. Hårfibrane, eller hårstrået eller hårstrengen – om du vil, er den delen av håret som strekkjer seg over huda si overflate. Viss overflata til håret spriker, er det tørt og treng fukt.

Vekstmønsteret er retninga håret ditt veks opp og ut frå hovudbotnen. Den avgjer mellom anna om du har naturleg fall, glatt hår eller krøller. Dette er det hårrota si form og posisjon som avgjer. I glatt hår er hårsekken vanlegvis rund eller oval, og ligg vinkelrett under overflata av hovudbotnen. Hårstrået veks opp og ut litt på sida i hårsekken. Ved bølgete hår er hårsekken oval, og hårstrået veks i ein boge ut frå hovudbotnen. Om ein har tette krøller, betyr det at hårsekken har ei flat, elliptisk form, og ligg like under overflata av hovudbotnen. Når strået veks ut, gror det i ei form som liknar halve silhuetten på ei peanøtt med skal.

Den nordiske hårtypen

Dei fleste av oss her i Skandinavia og Noreg har det me kallar ein nordisk hårtype. Typisk for nordisk hår er fine hårstrå som flokar seg lett, og hårtuppar som splittast fort. I fuktig varmt vær trekkjer denne hårtypa til seg fuktighet som ein svamp, og ein ser fort ut som ein drukna katt.

Dei fleste skandinavar har ofte feitare hovudbotn enn folk i sydlegare strøk. Nordisk hår må difor pleiast med proteinrike produkt for å verta sterkare. Stylinga sit også dårlegare på denne hårtypen, og det må ofte sterk lut til for å få stylinga til å halda. Grunnen til at nordisk hår er slik det er, handlar om geografi og arv. I kaldare strøk treng ein jo meir feitt, derfor er nordisk hår bygd opp slik.

Tynt og slitt hår knekk lett. Då er det ikkje nok med fuktigheit, håret treng også tilførsel av proteina. Nordisk hår har færre skjellag enn sydtropisk hår, og treng proteina som gjer nye bendingar til håret og styrkjer hårstrået, slik at det ikkje knekk så lett.

Sjå for deg at håret ser ut som ein kongle der stamma er omringa med eit lag av skjell. Jo fleire slike skjell ein har jo sterkare og tjukkare hår har ein. Og motsett.

Lyngen i Afrika og Asia

I sydlegare strøk, som til dømes i Asia og Afrika, er det meir utbreidd med det me kalla sydtropisk hårtype. Denne hårtypen har grovare hårstrå, og er vanleg for folk frå varme og sydtropiske strøk. Desse har fleire skjellag som er grovare og meir porøse.

Typisk for lyngen til folk med denne hårypen er at det tek lang tid å få håret deira vått i dusjen. Det blir litt som å skvetta vatn på gåsa. Sydtropisk hårtype kjem ofte saman med ein tørrare hovudbotn, og håret treng mykje fuktighet. Sveisen er vanskeligare å forma, men til gjengjeld sit stylinga mykje betre enn på den nordiske hårtypen.

Et deg fjong
Håret vårt får næring frå det me et, og kan verte blankare, sterkare og tola meir om me puttar i oss litt godsaker. Det fine er at kroppen og håret er glad i den same kosten. Her er ei liste over dei ti beste matvarene som i følgje ernæringsekspertar påverkar håret positivt. Så start med å ete sunt, då vert hårdottane dine glade.

  • Laks for glans
  • Gresk yoghurt fordi den er stappa med protein
  • Spinat for å styrkje sprøtt hår
  • Guava (tropisk frukt) for å forhindra knekt hår
  • Jernholdig frukostblanding for å forhindra hårtap
  • Magert fjørfe for tjukkare hår
  • Søte poteter for å motverka kjedeleg hår
  • Kanel for betre sirkulasjon
  • Egg for vekst
  • Østers for fylde

Forfatter Irene Stana

@Bilder: Pivot Point og WebMD.com

Legg att eit svar