Tørt vinterhår?

Få eit flott vinterhår med veganske produkt og 10 enkle grep!


Vinteren er ei nydeleg årstid, med si kalde og klare luft. Tørt og kaldt vinterklima er ikkje alltid lika bra for hud og hår, som for kropp og sjel. Men med rett pleie og gode veganske produkt kan lyngen din visa seg frå si beste side – også på dei kaldaste dagene.

1. Skjønnheit kjem innifrå – eit ordtak du garantert har høyrd før, og det er heilt korrekt!

På vinteren blir hud, hovudbotn og hår fort tørt og livlaust. Eit balansert kosthold med sunt fett som «smør» deg frå innsida kan gjera underverk. Avokado, nøtter og feit fisk er gode kilder til Vitamin A og omega-3. Drikk masse vatn, vatn bidreg til å transportera alle godsakene du et rundt til dei rette organa, også hårsekkane dine!

2. Ein god kur gjer underverk!

Eit sultent vinterhår lengtar etter fuktigheit. Bruk Fot i Hose ein til tre gonger pr. veke. Tilpass verketida etter kor mykje fukt håret ditt treng. Du kan sitta med den frå 5-30 minutt. Kuren inneheld masse sheasmør og arganolje som er fuktgivande. Dette er ein næringsrik hårkur som mjukgjer og reparerer lokkane dine, og passar til alle hårtypar. Treng håret litt ekstra kan du blanda oppi litt Oljelukke – vegansk hud og hårolje.

3. Senk temperaturen i dusjen!

Ein dampande varm dusj er freistande når det er minusgrader ute, men er diverre ikkje bra for håret. For å unngå skjørt hår som brekk bør det vaskast i lunka vatn. Slik straumprisane er no er det vinn vinn for både miljø, hår og lommebok!

4. Bruk ein skånsam sjampo og balsam som gir fukt!

Når du først er i dusjen er det viktig å bruke ein skånsam sjampo og balsam som tilfører fukt, gir næring og pleie til tørt hår. Slik unngår du livlaust og statisk vinterhår. Bytt pleieprodukter etter årstida. Bruk alltid Leave-in produkt før du startar å style håret og bruk gjerne ei næringsrik hårolje som Oljelukke, den vil gjere håret silkemjukt og glansfullt. Gir ikkje Silkepote nok fukt? Då kan du ta oppi nokre dråpar med Oljelukke– Sim Sala Bim og sjampoen er endå meir fuktgivande.

5. Beskytt håret frå kulda med ei varm og god hue!

Bruk helst ei hue der innsida er dekt med silke eller sateng. Ull, bomull og syntetiske stoff skaper diverre friksjon på håret og trekk ut fukt slik at det vert statisk og tørt.

6. Ikkje vask håret for ofta!

For å unngå irritert hovudbotn og tørt hår bør du unngå å vaska det for ofte, spesielt på vinteren. For å sikra deg følelsen av nyvaska og voluminøs manke, kan du ty til tørrsjampo. I tillegg må du prøva å beskytta håret mot  friksjon som gjer det elektrisk, tørt og porøst. Dette kan vera hettegensere, strikkeskjerf eller rett og slett trekket på hovudputa di.

7. Jamnleg stussing! Klipp tuppane mellom kvar fjerde eller åttande veke, då unngår du sliten og livlaus lyng, håret vil halda seg friskt og sunt. Etter ein lang og kald vinter kan spissane følast tørre og sprukne. Slike spissar vil sakte, men sikkert krypa oppover i håret og litt etter kvart vert håret veldig flisete. Dette unngår ein med å gi spissane ein jamleg etterlengta stuss.

8. Ta ein pause frå varmeverktøy!

Føning, krøll- og rettetang tørkar ut håret, så no er tida inne for å gi dei ein kvilepause. Viss du må bruke varmeverktøy, må du vera påpasseleg med å ikkje ha varmen på for høgt (max 180 grader, det er betre å ta litt og litt hår, enn for høg varme) Bruk alltid ein god varmebeskyttelse viss du vel å bruka slike verktøy.

9. Boost håret med fukt!

Eit tørt vinterhår kan fort bli statisk og de fleste av oss veit kor irriterande dette kan vera når ein skal style håret. Redninga er eit godt leave-in produkt som krem eller hårolje. Dette vil kunne hjelpe samtstundes som det gir håret fukt og pleie. Ei god hårolje vil gi jamt med fukt og pleie til ein matt vintermanke. Bruk alltid Leave-in produkt som ein prestyling, ei næringsrik hårolje som Oljelukke gjenoppbyggjer skada hår, og vil gjere håret silkemjukt og glansfullt.

10. Sist, men ikkje minst…

Nyt den fine årstida som vinteren byr på! Ta vare på helsa med ein aktivitet du likar, det er balsam for sjela – og håret. MEN Ikkje gå ut i kulden med vått hår; dette er ikkje eit direkte tips for pleie, men det er veldig viktig då dette kan vere svært skadeleg for håret. Vatnet som ligg i hårstråa frys nemleg til is når du kjem ut i kulden. Dette aukar sjansen for at håret kan knekka. Så tørk håret før du går ut i vinterkulda og kosar deg

Legg att eit svar