Høsttrend for herre

Movember er for karane som diggar skjegg, bart og ikkje minst si eiga helse. Kva er haustens hårtrendar for karane og korleis skal det trimmast, stylast og stellast?


Hår og hud treng næring. Kort fortalt er det to vegar til rom, den eine går gjennom munnen og den andre går gjennom overflata på huda eller håret. Dei fleste drøymer om ein sunn, blank, fyldig og lettstelt manke. Arv styrer det meste av kva hårtype, farge og textur ei har på håret, men ein kan definitivt påverke med rett stell av seg sjølv. Bruk naturlig og vegansk hårpleie og tilpass etter håret sitt behov. Men kva med innsida? Kan livsstilen ein fører påverke håret?

Den enklaste måten å fornya seg på for karane er å klippa seg i ein ny sveis og rigga seg med nyklippt skjegg eller ei spanande barbering. Det er utruleg kor stor skilnad ein kan få i utsjånaden med ein ny frisyre, skjeggtrim og litt ny styling. November er karane sin månad med fokus på kara-helse gjennom MOVEMBER kampanjen over heile verda. I den anledning vil me gje deg våre tips til skjegg og bartestell og inspirasjon til haust og vinterhåret ditt. Me har

sett på kva som trendar på karafronten haust og vintersesongen 2022, og kva du må gjere for å fjonge opp stilen din!

Let du deg inspirera av MOVEMBER og let barten gro eller er du ein heilårs bartebærar?

Uansett kva du er, som bartebærar er det nokre småting som kan vera verdt å tenkje på.

Bartestell.

– Trimm barten jamleg, ikkje la den ligge for lenge over overleppa

– Bruk bartevoks for å forme og halde styr på den

– Bruk skjegg/barteolje, huda vert ofte tørr under barten

– Pass på majonesen, det er ikkje sexy med mat i barten

Stell av skjegg

Huda under skjegget blir ofte tørr, fordi det kan bli tett mellom håra slik at luft ikkje slepper til. Bruk ei skjegg olje for å tilføra fuktighet og gi huda næring. Ikkje bruk for mykje, det er nok med ein dråpe og to, gjer det heller oftare. Du kan med fordel bruka skjeggolje ein til gonger dagleg, pass på at du får massert den godt inn i både hud og skjegghåra.

Om du tek godt vare på huda og frå starten av, førebygger du kløe og flass og du får eit sunnare og friskare skjegg. Bruk av skjeggbørste og kam hjelper med å fordela krem og skjeggolje og stimulerer til vekst ved å auka blodtilførselen. Det finnes ikkje noko magisk måte å få skjegget til å gro raskare på, men godt stell kan få skjegg til å sjå blankt, fyldigare og ryddigare ut.

Style det med skjeggolje som  Oljelukke , bartevoks og børste til slutt for fin finish.

Er du plaga med flass (sopp) i skjegget kan du bruke ein sjampo eller kur anbefalt for dette problemet. Sunn hud = Sunt hår. Det er viktig å reingjere huda og skjegget på same måte som håret på hovudet.

Trimmar du skjegget sjølv?

Dei viktigste tinga å tenkje på når du skal klippe skjegget sjølv er:

Brukar du klippemaskin må du hugs at den er stor og kraftig og brukast for å forme fasong på skjegget. Den kan stillast inn i ulike lengder for å halde ei jamn skjegglengde og slik sett er den enklare i bruk.

Vel design og lengde, du kan laga forma du ynskjer med saks først.

Bruk maskina med ønska innstilling for lengde og gå over heile skjegget, event form med saks nedst viss du vil ha ei spessifikk form der.

Trimmar. Nokon føretrekkjer å klippe skjegg på frihand, litt avhengig av kor tjukt det er.

Barber reint rundt designlinja på kinn, ved øyrene, under haka og på halsen. Skjegget bør vere over adamseplet. Unngå å ha hår nedover halsen, så du ikkje skapar ei dobbelthake.

På håret skal karane ut av komforsona og etter trendbilete vere ein kombo av militær og rufsete. Nokon frisyrar fokuserer på textur og lengde, medan andre handlar om skapa linjer og kontrastar.

The undercut quiff er ein sveis som har hengt med ei stund, men som ikkje har tenkt å gje seg førebels. Den er ikkje fullt så kvass og utstudert lengre, men har bevega seg meir mot ein mjukare og luftigare variant, der det er litt mindre fokus på at håret er stappa med produkt. Kontrasten mellom håret på toppen og dei kortklipte eller barberte sidene er mindre tydeleg. Kong Fjong passar til både til den no litt mjukare stilen,og den strammere som det heile starta med. Vil ein heilt tilbake til den meir overdrevne varianten med stor kontrast mellom topp og barbering/kortklippt kan ein pøsa på med saltvatnsprayen Sjøsprøyt.

Ein mjuk voks som Kong Fjong kan brukast til å få til den mjuke stilen, er Kong Fjong aleine for mykje hald for deg, kan du blanda eit par droper med Oljelukke i den for ein mjukare og blankare finish.  Er du den som framleis vil køyra den meir overdrivne stilen med langt oppe og tydeleg overgang let du det vera og brukar Kong Fjong aleine. Viss du er ute etter ein skikkeleg tilbakelent stil kan ein saltvannsspray som Sjøsprøyt halda.

Textured Crop er som skapt for deg som ikkje ønsker å bruka for mykje tid på å fiksa sveisen. Det kan sjå ut som at du har stått rett opp frå senga, ganske digg for dei som ikkje orkar noko dill dall. Frisyren kler dei fleste menn, men har du naturleg tjukt og fyldig hår har du ein fordel. Ved å behalde ein viss lengde oppå på, medan sidene og nakken vera kortare, skapar du denne populære frisyren. Nokon gonger klippes sidene med ein fade, for å gi eit endå mjukare inntrykk.

Med ein matt paste får du til den ledige stilen, her anbefalar me å blanda Kong Fjong med Fot i Hose. Juster blandingsforholdet alt etter kor matt du vil ha den. Jo meir Fot i Hose jo mattere look. Fot i Hose er ein hårkur som gjev håret pleie, men den egnar godt saman med Kong Fjong. Bruk hendene til å fordela dei blanda produkta, og dra deretter fingrane gjennom håret. Luggen skal ikkje stylast så mykje, men kam den gjerne litt  framover mot panna. Viss du vil vere ekstra trendy kan du la luggen liggja lenger ned i panna. Har du krøllar i  håret kan du bruka ein hårskum for å framheva krøllane dine.

Buzz Cut er nok ikkje frisyren for deg som ønsker å skilje deg ut i mengda. Viss du vil prøve Buzz Cut anbefaler me å sjekka hovudforma først. Frisyren vert definitivt finast med ein jamn hovudbotn. Denne klippen framhevar nemleg alle ujamnheiter og gjer dei veldig synlege.

Du  kan du sjølv barbera deg for å få ein  Buzz Cut, men den vert kanskje jamnare om du går til frisør. Frisøren tilpasser lengda meir med ulike sko på maskina og lager ei meir tilpass designlije. Nokon vel å la kantane vere nøytrale og følge formen på hovudet (som på biletet over), medan andre føretrekk eit mer vågalt utseende med rette vinkler og skarpare kantlinjer.

Når håret er nyklipt krev ikkje denne frisyren så mykje jobb, men etter nokon veker kan ein matt paste bidra til å skape fyldighet i håret. Viss du vil halde den heilt reine finishen heile tida, krev det klipp minimum kvar 4 veke.

The Tapered High and Tight er frisyren for dei som vil bruka så lite tid som mogleg på frisyren, og som framleis har hår på hodet.  The Tapered High and Tight minner om ein Buzz Cut, men her let ein håret vera litt lengre på toppen slik at du  har litt hår å leika  deg med. Kombinasjonen av kortklippte sider og lengre hår på toppen gjer frisyren til den perfekte blandinga av klassisk og moderne. Håret på toppen kan stylast både hardt (som på bildet) og mjukt. Vel mellom ein skarp eller mjuk overgang frå håret på sidene og håret på toppen.

Ved å bruka voks i håndkletørt hår får du ein naturleg, men levande look. Voila!

Legg att eit svar