Vegansk hårpleie

Korleis påverkar livsstil hud og hår? Er det hjelp i å nytte økologiske og naturlige produkt og varer?


Hår og hud treng næring. Kort fortalt er det to vegar til rom, den eine går gjennom munnen og den andre går gjennom overflata på huda eller håret. Dei fleste drøymer om ein sunn, blank, fyldig og lettstelt manke. Arv styrer det meste av kva hårtype, farge og textur ei har på håret, men ein kan definitivt påverke med rett stell av seg sjølv. Bruk naturlig og vegansk hårpleie og tilpass etter håret sitt behov. Men kva med innsida? Kan livsstilen ein fører påverke håret?

Som ein kongle

Håret er på ein måte bygd opp som ein kongle. Ei fast stamme inni, men eit skjellaktig lag som ligg oppå kvarandre utanpå. Dette ytste laget kallast skjellaget og består av breie keratinflak som ligg lag på lag. Keratin er forresten same stoff som neglene er laga av. Mønsteret på skjellaget kan variera frå person til person, nesten som fingeravtrykka våre. Når håret ditt er tørt eller skada, spriker skjellaget. Då ser lyngen livlaus, blass og tørr ut.  Ein kan reparere og tilføra fukt til håret med god vegansk hårpleie, men for å laga gode vekstvilkår bør ein gjere meir enn som så.

Sunn og næringsrik kost er bra for lyngen
Kvart hår sitt i sin eigen hårsekk, eller bustad om du vil. Hårsekken er ein fordjuping i huda, og der skjer det ting. Nedi denne sekken jobbar det mange celler på spreng, slik at nytt hår vert danna. Desse cellene kallast ofte for vekstlaget eller grolaget.

Nokon har større og betre vekstlag enn andre, og det er difor nokon av oss har tjukkare og grovare hår enn andre. Jo raskare cellene deler seg, desto fortare veks håret. Blodet forer rota med næring, blant anna aminosyrer, som cellene set saman til proteiner. Så vil du ha eit sterkt og langt hår er det viktig med sunn og næringsrik kost.

Det er blodet i kroppen vår som tilfører hårrøtene næring, og kva du et, betyr faktisk ein god del for håret ditt. Håret treng mellom anna aminosyrer, som cellene i sin tur set saman til protein. Om du vil ha eit sterkt hår, kan du bidra til det med eit sunt og næringsrikt kosthald.

Ein god hårmeny inneheldt mellom anna rikeleg med protein og vitamina A, B, C, D og E, minerala sink og jern, og essensielle feittsyrer. Og hugs,- reine økologiske råvarer er det beste. 100% ubehandla varer er vanskeleg å unngå, men ha særskild fokus på å halda deg unna matvarer som er kjemisk behandla, der ingredienslista hovudsakleg består av uforståelege E-stoff nummer.

Her kjem ei lista over råvarer som er særskilt bra for hud og hår!

Egg: Ei rik kjelde til protein, som kroppen mellom anna nyttar til å bygge hårsekkane dine. For lågt proteininntak kan føre til håravfall. Egg inneheldt i tillegg sink og selen, som også er sunt for håret.

Feit fisk: Aure, laks og makrell er gode kjelder omega 3-feittsyrer, som mogelegvis kan redusere hårtap og auke hårtettleiken. Feit fisk er også ei rik kjelde til protein, selen, vitamin D3 og B-vitamin, som kan bidra eit sunnare og sterkare hår.

Avokado: Ei god kjelde til antioksidanten E-vitamin, som kan bidra til å fremme hårvekst. Vitamin E vernar også hovudbotnen frå skade, og inneheldt viktige feittsyrer som blir brukt som byggesteinar i cellene dine.

Jordbær: Inneheldt fleire vitamin med antioksidantar som kan fremme hårvekst, deriblant C-vitamin. Kroppen nyttar C-vitamin til å produsere proteinet collagen, som styrker håret og hindrar at det blir sprøtt og brekk. C-vitamin hjelper også kroppen å absorbere jern. Lågt jernnivå kan føre til anemi, som har vore knytt til hårtap.

Spinat: Inneheldt folat, jern og vitamin A og C, som alle kan fremme hårvekst. A-vitamin hjelper hårsekkane å produsere talg, som fuktar hovudbotnen og heldt håret blankt og sunt.

Kjøt: Rikt på protein, som stimulerer hårvekst og reparerer og styrkjer hårsekkane. Raudt kjøt er i tillegg rikt på jern, som hjelper dei raude blodcellene med å levera oksygen til alle cellene i kroppen – hårsekkane inkludert.

Søtpotet: Inneheldt mykje betakaroten, som kroppen i sin tur lagar om til A-vitamin. I tillegg til å auke hårets talgproduksjon, kan A-vitamin auke farten på hårveksten og hindre at hårsekkar skrumpar inn.

Mandel: Inneheldt både antioksidanten E-vitamin og eit breitt utval B-vitamin, sink og essensielle feittsyrer, som alle kan bidra til å fremme hårvekst.

Solsikkefrø: Inneheldt vitamin E, sink og selen.

Paprika: Full av antioksidanten C-vitamin, som fremjar produksjonen av collagen, som bidreg til å styrkje hårstråa dine. Visste du til dømes at ein gul paprika inneheldt nær 5,5 gonger så mykje C-vitamin som ein appelsin? Paprika er i tillegg rik på A-vitamin, som kan bidra til å auke tempoet på hårveksten og stimulere talgproduksjonen.

Reker: God kjelde til protein, B-vitamin, sink, jern og vitamin D, og dei inneheldt også noko omega 3-feittsyrer.

Svarte bønner: Ei god og plantebasert kjelde til protein, som er avgjerande for hårveksten. Dei inneheldt også sink som hjelper til i håret sin reparasjonssyklus, og jern og folat.

Vatn: I tillegg til mat er sjølvsagt naturens gull VATN heilt avgjerande for sunn hud og manke. Visste du at vatn regulerer kroppstemperaturen vår gjennom sveitting? I tillegg smører vatn ledda våre, bidreg til betre fordøying og frakter næring og oksygen til alle cellene våre. Kroppen vår lagrar ikkje vatn, difor treng me påfyll kvar einaste dag for å erstatta vesketapet me får gjennom sveitte og våre daglege do-besøk.

Unngå alkohol: Alkohol fører med seg mykje gørr og elendigheit. I hud og hårsamanheng vil blant anna dehydrering og hormonelt stress føra til dårlegare transport av næring til hud og hår. Dehydrering fører til at huda tørkar ut og dermed ser eldre ut, når kroppen er i ubalanse mister håret piffen også.

Aktivitet: Vær aktiv og bruk naturen. Frisk luft og beveging gjer underverker for kropp, sjel, hud og hår! Når blodpumpa går aukar blodsirkulasjonen som igjen tilfører næring til alle vitale organ som hjerne, lunger, hud og sjølvsagt hårrøtene våre! Ein angrar aldri på ei yogastund, treningsøkt, jogge, symje eller fjelltur når det fyrst er gjennomført! Å tenk kor snill du har vore med deg sjølv, kroppen og ikkje minst sjela di! Ein finn skikkeleg ro og godfølelse gjennom aktivitet ute!

Naturen er der for å brukast.- berre hugs SPORLAUS FERDSEL!

Unngå for mykje sol: Kroppen diggar å vera ute og sola er vår viktigste kilde til vitamin D. D vitamin er bra for skjellettet vårt og forebyggjer blant anna beinskjørheit. Me treng sol, men altfor mange overdriv solinga si. Dette fører dessverre til at mange her i nord utviklar hudkreft, så mottoet må vera alt med måte og bruk solkrem, hatt og ikkje ver udekka i sola når den står på sitt høgste mellom 12 og 15.00. Hud og hår tørkar ut i sola, håret vert bleika og mister farge og glans.

Søvn: På lik linje med mat og mosjon, er søvn viktig for at kroppen og hjernen skal fungera optimalt. Om natta lader me batteria våre, det er då alt det magiske skjer i kroppen. Når me søv produseres ulike hormoner som sørgjer for gjenoppbygging av hjerne og kropp. I tillegg så viser forskning at søvn er avgjerande for konsentrasjon, hukommelse og ikkje minst god mental helse. Enten du vel å sova under stjernene i telt eller hengekøye eller kanskje du trivst best under dyna heime, uansett kor du søv, er søvn livssviktig for helsa di.

Og hugs: små steg, kvar dag er det som fører oss til målet, så aldri gje opp. Det er aldri for seint å starte på nytt, viss ein har gått på ein smell


Tekst: Irene Stana

Legg att eit svar