Hårtrender høst 2022

Økologisk hårpleie og naturlige hårprodukter trendar meir enn nokon gong!
Men korleis skal håret eigentleg sjå ut no? Kva er hårtrend høst 2022?


Når sommaren er på hell og hausten gjer sitt inntog, endrar behova våre seg i takt med at temperaturen synk. Me tilpassar oss den nye årstida i hage, heim, garderobe og ikkje minst på håret. Når hausten kryp innover oss, ser me at hårtrendane også endrar seg i takt med naturen.

Eit klart haustteikn er at mange let seg freista til å friska opp solbleika hår frå sommaren med ny hårfarge. Mange er klare for mørkare og gjerne varmare hår, lyse som mørke. Tørt, matt og livlaust hår etter sol, saltvatn, klor og late dagar treng rett og slett ein ny piff. Ein god omgang med kur og rett pleie kan gjera susen for mange, men mange ynskjer også å friska opp fargen sin hjå frisøren.
Er du blondine med eit sommartørt og solbleika hår vil ein gylden honningtone gi håret ny glans og sprut, samstundes som du beheld den lyse identiteten din.

Vidare ser me at kopartonar vert mykje brukt, gjerne klare tonar som «graskar-orange» er framleis i vinden. Visst det vert «too much», fortvil ikkje. Kopartonar finst i uendeleg mange variantar, så tykkjer du du det er skummelt å gå for graskar-orange er det lov å gå for rolegare tonar.

Skogen med sin fargeprakt, inspirer oss til fylgje dens syklusar. Bladverk på trea og skogbotn brilljerar veke for veke med eit fantastisk fargespel. Er du brunette og likar sopp? Lat deg inspirera og gå for den store trenden som no er «mushroom-brown»- me kallar den soppbrun  Denne litt kaldare brunette-varianten gjev eit kjøligare inntrykk og passar fint til dei som ynskjer litt farge, men vil vera så naturleg som mogleg.

Som brunette kan du gå frå sopp- brun og nytta heile fargespekteret til gyldent og raudleg haustlauv. Skogen har ingen fargebegrensningar, så kvifor skal du?
Brunetter som likar varmare fargar kan gå heilt frå populære sjokolade og kaffi til bronse og karamell. Skimrande bronse og karamellhår gjev ei skinande doggfrisk glød til huda og framhevar solbrun hud. Viss du er så heldig at du har fått sol ila sommaren.

Synest du at «heil-brun» vert litt einsfarga, kan du sjekka #dimensionalbrunette på Instagram, der vil du finna eit stort spekter av bilete der bruntonar miksast med tynne striper, faceframing og ulike delikate fargespel.

Money piece og kontrastar.
Framleis inspirert av Cruella de Vil, mest kjend gjennom Glenn Close si tolkning av filmen 100 og 1 dalmantinere, er kontrastar framleis i vinden. Den starta i fronten med «faceframing» og har derfrå flytta seg bakover, sidelengs og no nedover på hovudet. No kan kontrastane leggast i store felt i nakken og på sidene. Det betyr ikkje at det ikkje er aktuelt i lugg og front lengre. Trenden som har fått namnet «colour-block» tillet tilpasningar av ulike fargekombinasjonar som står i kontrast til kvarandre. Teknikken brukast for å framheve frisyre og ansikt. Jo meir ekstreme fargeval og kontrast jo frekkare vert det! Så då kjem det an på kv du ynskjer å utrykkja med din nye look, viss du går for denne varianten. Uansett kva farge eller kontrast det er snakk om så er det utelukkande kontrastar og dimensjon i håret som trendar mest no.

Oppklipp, volum og beveging
70-talet har regjert i sommar og står sterkt i haust også, inspirert av Farrah Fachett med lag på lag oppklipp, volum og lugg. Klippen gjev ei skreddarsydd ramme til ansiktet, kanskje difor oppklippt hår i alle lengder med lugg og oppklyppt front er så heitt? Framhev gjerne frisyren med ein lysare front som gjev ei fin ramme rundt ansiktet.
Oppklipp, eller shag som me kallar det gjev beveging og volum i håret. Håret vert klippt i luftige lag og så er det berre å rufsa det til! Slepp laus krøllar og fall. Er du ein av dei som ikkje har naturleg fall? Fortvil ikkje, fram med varmevertøyet eller tvinn/ flett håret før du legg deg; etter ei god natt søvn – får du meir beveging og tekstur. Voila! Bruk gjerne saltvatnspray, voks og hårspray for å få meir hald, glans og definisjon. Jo meir, jo betre, men hugs varmevernande produkt viss du tyr til fønaren, slette eller krølltang. Beveging, volum og tekstur kan nyttast i dei fleste hårlengder frå lang shag til kort bob. For bobèn heng framleis med, med og utan tekstur og beveging. Ikkje rart, fordi den populære klippen gjev fylde, kan framheva eller dempa ansiktet der du måtte ynskja og den gjev frisyra karakter.

Lugg for ein kvar smak
Ein kraftig eller lett lugg er like fint til korte lengder som til teksturert/krølla og slett hår. Lugg piffar opp dei fleste frisyrer, lengder, med og utan tekstur. Den litt tunge luggen og gjerne gardinlugg har vore i vinden gjennom heile året, og den har ikkje tenkt å vere mindre heit no. No ser me i tillegg at fleire svergar til lette og luftigare luggar med mindre hår. Passar utmerkt til deg som kanskje er ny på luggfronten og vil prøve deg forsiktig fram. Mjuke linjer rundt ansiktet framhevar auger og ansiktstrekka dine, skarpare linjer skapar meir kontrast og gjev frisyren eit meir typete utrykk, så det er opp til deg 😉

God hårhaust
Tekst: Irene Stana

Legg att eit svar