Håret mitt

Kva veit du eigentleg om håret ditt?
Håret har vore ein del av deg sidan du låg i livet til mor di. Og sveisen har alltid sagt noko om din personlegdom. Du har antakeleg prøvd ulike frisyrar, og farga håret fleire gonger enn godt er. Mange gonger har håret ditt vore til glede, andre gonger har du ønskt du kunne rive det av. Og sjølv om du klipper håret kort, veks det alltid ut igjen. Men kva er eigentleg dette håret, eller lyngen – som me likar å kalle han?

Hårstrå har ei løkforma rot som er omgjeven av ein hårsekk. Eit hårstrå har ingen nerver og det er heller ikkje blod i det. Difor kan me sei at håret er daudt, og du kan klippa i det utan det gjer vondt – gudskjelov.

Som ein kongle
Håret er på ein måte bygd opp som ein kongle. Ei fast stamme inni, men eit skjellaktig lag som ligg oppå kvarandre utanpå. Dette ytste laget kallast skjellaget og består av breie keratinflak som ligg lag på lag. Keratin er forresten same stoff som neglene er laga av. Mønsteret på skjellaget kan variera frå person til person, nesten som fingeravtrykka våre. Når håret ditt er tørt eller skada, spriker skjellaget. Då ser lyngen livlaus, blass og tørr ut.

Sunn og næringsrik kost er bra for lyngen
Kvart hår sitt i sin eigen hårsekk, eller bustad om du vil. Hårsekken er ein fordjuping i huda, og der skjer det ting. Nedi denne sekken jobbar det mange celler på spreng, slik at nytt hår vert danna. Desse cellene kallast ofte for vekstlaget eller grolaget.

Nokon har større og betre vekstlag enn andre, og det er difor nokon av oss har tjukkare og grovare hår enn andre. Jo raskare cellene deler seg, desto fortare veks håret. Blodet forer rota med næring, blant anna aminosyrer, som cellene set saman til proteiner. Så vil du ha eit sterkt og langt hår er det viktig med sunn og næringsrik kost.

Difor fann dei opp balsam
Håret som er heilt i enden av hårsekken er mjukt, men det vert stivare etter kvart som det veks opp gjennom hårsekken. Etter kvart som håret veks opp gjennom hårsekken vert det smurd av talg. Talg inneheld feittstoff og feittsyrer, og er svakt sur. Det er difor håret får ein naturleg surheitsgrad eller pH-verdi, om du vil. Denne ligg mellom 5 og 6 pH.

Når me vaskar håret med sjampo eller utset det for andre kjemikaliar vil det få same surheitsgrad som blandinga rundt det har. Difor behandlar me håret ofte med ei sur blanding til slutt, til dømes balsam, som har same surheitsgrad som håret, slik at skjellene skal leggja seg tett saman. Dette får håret til å sjå friskt og blankt ut.

Dei tre livsfasane til håret ditt
Håret har tre livsfasar: ein vekstperiode, ein kvileperiode og ein avfallsperiode. Kvart enkelt hårstrå har vekstperiodar med ulik varigheit – frå 2 til 7 år, med 4 år som gjennomsnitt. Når håret nærmar seg slutten av ein vekstperiode byrjar rota å skrumpa inn. Det tek ca. 1 månad frå denne prosessen startar, til håret løysner og dett av. Deretter går håret inn i ein kvileperiode, kor den krympar heilt inn. Denne perioden kan vara i 3-4 månader før den frisknar til og det byrjar å spira og gro att.

Alle røyter litt kvar dag
Det er heilt vanleg å mista 30-100 hovudhår per dag. Så du treng ikkje få panikk om du løyser litt hår. Hårmengda varierer frå person til person, og dei fleste av oss har nok å ta av. På issen har me omlag 170 hår per kvadratcentimeter. Det vil sei at eit menneske har mellom 100 000 og 150 000 hår på hovudet. Så veit du det, greitt å veta kva ein har på topplokket.

Legg att eit svar