Hår før i tida

Håret er kruna på skaparverket. Prikken øve i-en. Ein viktig del av vår personlegdom og skjønnheit. I dag er det stor fokus på hårpleie i alle kanalar, frisørsalongar på kvart hjørne, og millionar av ulike merker og hårprodukt å velje blant. Men kva forhold hadde kvinner og menn til håret sitt før i tida?

Tradisjonen vil ha det til at håret beskyttar det mest verdfulle me har, hovudet – utspringet for der sjela vår bur. I eldgamle dagar og fram til vår tid er håret difor sett på som livets sirkulasjon. Det får næring frå ei indre saft som gjennom håret synliggjer det usynlege, på lik linje som naturen er for menneska og kroppen er for sjela.

I antikken meinte ein at sjela foreinar seg med materien gjennom håret. For grekarane og indarane var håret staden kor sjela hadde sin bustad.

Sidan håret veks utan stans, har håret ei kraft som av mange før i tida vart sett på som heilag. I eldgamle tider let ein difor håret vekse som eit teikn på kraft, og at ein var ein av dei utvalde.

Håret har vore brukt som symbol i alle tider. Velstelt, kortklipt hår var i mange tiår den einerådande, korrekte herremoten til midten av førre hundreår, mens kortklipte kvinnefrisyrar vart moderne både på film og heime i familien i 1950-åra.

I hippitida, på 1960 og 70-talet, let unge rebellar lyngen vekse for å vise opposisjon til den korthåra eldre generasjonen og etablerte konvensjonar for samfunnslydige «idealborgarar».

Hadde dei hårmotar i skikkeleg gamle dagar?
Korleis var det med håret i skikkelig gamle dagar? Tok folk vare på lyngen sin? Stelte dei fint med han, slik dei fleste av oss gjer i dag? Hadde dei hårmotar? Funn i Danmark frå gravar frå jernalderen, blant anna Skrydstrup-jenta og Egtved-jenta, fortel oss litt om kor mykje omsyn menneska viste for sin eigen kropp. Edtved-jenta hadde kort hår, mens Skrydstrup-jenta hadde langt hår og ein veldig intrikat oppsett frisyre.

Arkeologane har funne øyrereinsar, ravknivar, hårnett og kammar, som fortel at håroppsett for kvinner på den tida var ganske kompliserte saker.

Godt bevarde funn av menn frå jernalderen fortel at karane stort sett hadde relativt kort hår, mens kvinner som regel hadde langt hår som var sett opp – nokre gonger med snorer. Det tyder på at å fiksa frisyren ikkje var noko dei gjorde kvar dag, men noko du hadde sittande i – øve lengre  tid.

Hårets viktigaste funksjon
Vikingande var også reinslege og ganske glade lyngen sin. Dei barberte seg, hadde god hygiene og brukte kammar. Dei fleste på den tida hadde nok litt lengde på lyngen sin, fordi hovudet er ein stad ein mistar varme. Og når du lever i ei tid der du ikkje har varmekablar og varmepumpe og ikkje alltid kan ha det varmt og godt, er det inga logikk i å barbera av seg håret. Og der har du hårets viktigaste funksjon frå evolusjonen si side: å beskytta huda med varmeregulering.

Pengane eller håret!
Håret har også vore ei ettertrakta handelsvare. Romerane var særs opptekne av å ha det «nyaste håret». Håret vart både styla og dulla med, bunde opp i fletter og snorer og sett opp på ulike måtar. Og dei laga flotte parykkar. Romerane kjøpte blant anna lyst eller raudt hår frå folk i Nord-Europa, frakta det til Roma og laga parykkar av det.

Så me kan trygt slå fast at hår og frisyrar har hatt både ein symbolsk og kommersiell verdi heilt frå gamalt av. Så stell fint med den hårdotten du har. Kanskje du ber på ein gullgruve?

Kilder:
https://forskning.no/historie-menneskekroppen-samfunn/nar-begynte-mennesker-a-fikse-haret/1862547

Legg att eit svar