Hårstyling som held jolasveisen på plass til nyttår

Når du no skal kle deg i finstasen og gjere deg klar for jolebord, joleselskap eller til sjølvaste jolaften, skal du få nokon gode tips om hårstyling. For uansett om du har kort hår eller langt hår, er det ikkje det same å dukka opp i finstasen utan ein styla jolesveis.

Jolesveisen er sjølvaste kruna på verket, og det kan vera kjekt å veta at han sit som han skal kvelden igjennom. Så kan du bruka all din energi på å kose deg i staden.

Ein sveis som varar kvelden gjennom
Vil du ha ein sveis som varar heile kvelden gjennom? Då må du bruka bittelitt ekstra tid på grunnarbeidet. Det er undervurdert kor viktig dette er, ein god hårskum og føning med børste gjennom heile håret gjer nemleg susen. Tek du deg tid til dette kan du dansa til langt ut i dei små morgontimar med sveisen i behald.

Slik fikser du det:

  1. Fordel hårskum eller saltvatnspray jamt i nyvaska hår. Då set volumet seg betre og varer lengre.
  2. Blås så lett i gjennom heile håret med fønar.
  3. Når håret er halvtørt, kan du starta å føna gjennom heile håret, del for del. Bruk børste. Dra hårdelen du føner litt oppover og blås under og over heilt til den er tørr.
  4. Avslutt med kaldluft på fønaren mens du held hårdelen løfta. Vipps, så er fundamentet på plass.

Frå no av kan du styla lyngen som du vil. For nokon er dette nok, og dei er klare for fest. Andre føretrekk ein runde med rettetang for å få ei blankare overflata og er nøgd med det. Mens nokon er meir avanserte og vil ha ein runde med krølltang, og eller anna styling. Uansett kva avslutning du ynskjer, er grunnmuren det som får frisyren til å halda på volumet gjennom heile festen.

TRE TIPS TIL JOLESVEIS PÅ LANGT HÅR

Bølger eller mjuke krøller
Vask og føn deg ein god grunnmur. Del håret på midten bak. Start nederst med ein liten hårdel på 2-4 cm. La rette- eller krølltanga ha over 200 grader, om ikkje blir det lite krøll. Twist håret mens du ruller det rundt krølltanga – hold 15 sekund før du slepper. Ta ein ny, like stor hårdel rett over den første, og gjenta. Slik fortset du heilt opp til kruna. Gjer det same på andre sida. Når du er ferdig bak, deler du inn i skill oppå og startar nedst ved øyrene. Ta like hårdeler som bak, og krøll del for del til du er komen opp til skillet på begge sider. Når håret er avkjølt kan du style det slik du vil. Børst gjennom det viss du berre vil ha bølger, eller bruk fingrane viss du vil ha meir krøller. Avslutt med litt hårspray.

Tuppèr det nykrølla håret der du vil ha ekstra hold og volum. Korleis du tupperar? Ta litt hår mellom fingrane der du vil ha meir volum eller hold. Hold lett i tuppene og dra ein kam ca. 5 cm frå hovudbotnen innover mot hovudbotnen. Skubb litt og litt hår innover slik at det blir lett «tovete» innerst. Ta litt og litt hår til du har nok volum der du ønskjer, bruk litt hårspray til slutt.

«Ariana Grande-frisyre». Laust langt hår der halve hovudet er oppsett.
Vask og føn deg ein god grunnmur. Du kan ha håret rett eller krølla før du startar, alt etter kva resultat du er ute etter. La alt håret henge ned. Start med håret som er framfor øyrene på begge sider og over. Dra håret opp og bak, over kruna. Samle det i ein hale der, sett på hårstrikk. Surr håret i halen rundt strikken slik at strikken blir skjult. Fest med luseklemmer. Spray med hårspray.

Høg, låg eller volumiøs hestehale.
Vask og føn deg ein god grunnmur. Du kan ha håret rett eller krølla før du starter, alt etter kva resultat du er ute etter. Tuppèr håret bakover, tuppèr jamt gjennom heile håret bak til der du vil ha strikken. Då får du betre feste og det blir lettare og style det bakover i hestehale. Børst eller kam alt håret oppover eller bakover mot punktet du ønsker å ha hestehalen. Sett på strikken stramt. Krøll, rett eller tuppèr sjølve hestehalen, alt etter kva utrykk du ønsker. Du kan også krølle hestehalen med ei stor krølltang før du børster og tupperer, for ein mjukare look. Spray lett på med hårspray.

SKULDERLANGT

Softe bølger
Vask og føn deg ein god grunnmur. Du kan ha håret rett eller krølla før du starter, alt etter kva resultat du er ute etter. Tuppèr håret lett inne ved rota der du vil ha litt ekstra volum. Lag deretter lette bølger med rettetang, vipp i endane eller midt på. Same teknikk, men to ulike resultat. Dette skapar volum og gir liv til frisyren utan at du «mister» lengda.

Wet-look
Vask og føn deg ein god grunnmur. Du kan ha håret rett eller krølla før du starter, alt etter kva resultat du er ute etter. Tuppèr håret bakover, tuppèr jamt gjennom heile håret bak til midten eller det er mest naturleg å avslutta. Bruk ein våt gele, blank voks eller spray med mykje glans i og legg det over heile håret bakover.

Asymmetrisk med flette
Vask og føn deg ein god grunnmur. Du kan ha håret rett eller krølla før du starter, alt etter kva resultat du er ute etter. Tuppèr håret lett bakover på eine sida og flett deg ei pariserflette, frå front til bak øyra. Fest med strikk og fliseklemmer. Style resten med litt volum eller bruk rette- eller krølltang og lag litt bevegelse. Dette skapar ein asymmetrisk form som gir eit spennande utrykk. Bruk statement-øyrepynt for å forsterka inntrykket.

 

KORT HÅR

«Krøll-hanekam»
Vask og føn deg ein god grunnmur. Tuppèr håret bakover på begge sider, tuppèr jamt gjennom heile håret bak, spray hårspray etter kvart slik at det vert liggande stabilt inntil hovudbotnen frå front til midten av nakken, på begge sider. No skal du krølle toppen, bruk krølltang. Jo smalare krølltanga er jo meir krøllar og liv på topplokket får du. Avslutt med å rufsa litt i krøllane og spray godt. Det skal kunne halde til ut i dei små timar.

 

«Lugg-sveis» med noko attåt
Vask og føn deg ein god grunnmur. Du kan ha håret rett eller krølla før du starter, alt etter kva resultat du er ute etter. Lag ein sving på luggen. Legg den bakover, til sides eller style det slik du liker. Deretter pyntar du opp med accessories som hårband, klemmer, hårbøyler, blomar og stesj.

Visste du at det går an å kjøpa jolekule-øyredobbar? Det er ein enkel måte å få jolestemning i ein fei.

Lukke til, og god jol.

Legg att eit svar